Skeise-VM 1955 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1955 for menn vart avvikla på Dynamo stadion i Moskva helga 18. og 19. februar 1955. 44 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei seks frå Noreg.

Sigge Ericsson frå Sverige vart verdsmeister framom tre utøvarar frå arrangørlandet Sovjetunionen. Ericsson var også bestemann på 10000 meter, elles sigra Toivo Salonen frå Finland på 500 m, norske Knut Johannesen på 5000 m og Sovjets Oleg Gontsjarenko, andremann i meisterskapen, på 1500 m.

Skeise-VM 1955 endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Sigge Ericsson   Sverige 194,997
  Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 195,832
  Boris Sjilkov   Sovjetunionen 195,858
4 Dmitrij Sakunenko   Sovjetunionen 196,277
5 Knut Johannesen   Noreg 196,695
6 Hroar Elvenes   Noreg 198,708
7 Johnny Cronshey   Storbritannia 199,110
8 Roald Aas   Noreg 199,533
9 Hjalmar Andersen   Noreg 199,678

Dato: 18./19. februar 1955

Kjelder endre