Skeise-VM 1956 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1956 for menn vart avvikla på Bislett stadion i Oslo helga 16. og 17. februar 1956. 44 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei seks frå Noreg.

Oleg Gontsjarenko frå Sovjetunionen vart verdsmeister for andre gong, framom landsmennene Robert Merkulov og Jevgenij Grisjin. Gontsjarenko vann elles 5 000 meter, hans landsmenn Jurij Mikhajlov og Boris Sjilkov fekk bestetider på høvesvis 500 m og 1500 m. Norske Torstein Seiersten sigra på 10 000 m og kom på fjerdeplass i meisterskapen.

Skeise-VM 1956 endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Oleg Gontsjarenko   Sovjetunionen 188,255
  Robert Merkulov   Sovjetunionen 188,297
  Jevgenij Grisjin   Sovjetunionen 188,660
4 Torstein Seiersten   Noreg 188,688
5 Boris Sjilkov   Sovjetunionen 189,122
6 Sigge Ericsson   Sverige 189,777
7 Knut Johannesen   Noreg 190,062
8 Jurij Mikhajlov   Sovjetunionen 190,333
9 Sverre Haugli   Noreg 190,495

Dato: 16./17. februar 1956

Kjelder endre