Skeise-VM 1963 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1963 for menn vart avvikla i Karuizawa i Japan helga 23. og 24. februar 1963. 41 utøvarar frå 16 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg.

Jonny Nilsson frå Sverige vart suveren verdsmeister og sette verdsrekord på 5 000 meter med 7.34,3 og på 10 000 meter med 15.33,0. På plassane bak svensken kom nordmennene Knut Johannesen, Nils Aaness og Per Ivar Moe. Jevgenij Grisjin frå Sovjetunionen var kjappast på 500-meteren og Luo Zhihuan frå Kina fekk bestetid på 1500 meter.

Skeise-VM 1963Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Jonny Nilsson   Sverige 178,447
  Knut Johannesen   Noreg 179,598
  Nils Aaness   Noreg 180,405
4 Per Ivar Moe   Noreg 180,997
5 Wang Jinyu   Kina 181,215
6 Magne Thomassen   Noreg 181,802
7 Fred Anton Maier   Noreg 182,525
8 Ivar Nilsson   Sverige 182,805
9 Rudie Liebrechts   Nederland 183,442
10 Luo Zhihuan   Kina 183,487

Dato: 23./24. februar 1963

KjelderEndra