Skeise-VM 1974 for kvinner

Verdsmeisterskapen på skeiser 1974 for kvinner fann stad i Heerenveen i Nederland 23. og 24. februar 1974. 29 utøvarar frå 13 land deltok i stemnet, av dei to frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1000 m, 1500 m og 3 000 meter.

Tittelforsvarar Atje Keulen-Deelstra frå Nederland vart verdsmeister for fjerde og siste gong. Ho fekk bestetid på alle dei tre lengste distansane, etter at Sheila Young frå USA var snøggaste utøvaren på 500-meteren.

Skeise-VM 1974 endre

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Atje Keulen-Deelstra  Nederland 184,410
Sølv Tatjana Averina  Sovjetunionen 186,869
Bronse Nina Statkevitsj  Sovjetunionen 187,385
4 Sheila Young  USA 188,045
5 Erwina Ryś  Polen 188,703
6 Sippie Tigchelaar  Nederland 189,642
7 Monika Pflug  Vest-Tyskland 189,942
8 Tatjana Sjelekhova  Sovjetunionen 190,520

Dato: 23./24. februar 1974

Kjelder endre