Tatjana Borisovna Averina (25. juni 195022. august 2001) var ein russisk skeiseløpar frå Gorkij som representerte Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister på 1000 meter og 3 000 meter under Vinter-OL 1976 i Innsbruck og verdsmeister i firkamp 1978 i Helsinki. Averina var gift med skeiseløparen Aleksandr Barabasj, og blei deretter også kjend som Tatjana Barabasj.[1]

Tatjana Averina


Fødenamn Татья́на Бори́совна Аве́рина
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 25. juni 1950
Nizjnij Novgorod
Død

22. august 2001 (51 år)
Moskva

Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1980, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 500 meter kvinner, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 1500 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1976 – 3000 meter damer

Utmerkingar

Arbeidets røde fanes orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Averina deltok internasjonalt frå 1970 og vart nummer tre i Skeise-EM 1971. Både i 1974, 1975 og 1976 kom ho på andreplass i den årlege verdsmeisterskapen i firkamp, slått av høvesvis Atje Keulen-Deelstra frå Nederland, Karin Kessow frå Aust-Tyskland og Sylvia Burka frå Canada. På tampen av 1974-sesongen sette Averina verdsrekord både 1500 m og 1000 m på Medeo-bana i Kasakhstan, rekordar ho forbetra fleire gongar på same bana nær eitt år seinare. Ho forbetra då også 500-meterrekorden, sist til 41,06 sekundar.

Averina på eit russisk frimerke frå 2013

Under dei olympiske vinterleikane 1976 i Innsbruck opna Averina med å vinne bronsemedaljen på 1500 m, for deretter å sikre seg bronse nummer to på 500-meteren. Sidan vann ho gullmedaljen på 1000 m, før ho avslutta medaljehausten gjennom å vinne 3000 meter med minimal margin, fire og fem hundredels sekund framom sølv- og bronsemedaljørane, bronsen gjekk elles til Lisbeth Korsmo. I firkamp-VM 1978 i Helsinki vart Averina verdsmeister framom landskmannen Galina Stepanskaja. Averina deltok i Vinter-OL 1980, utan å utmerke seg.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Tatyana Averina-Barabash. sports-reference.com