Skeise-VM 1987 for menn

Verdsmeisterskapen på skeiser 1987 for menn vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 14. og 15. februar. 35 utøvarar frå 18 land deltok i meisterskapen, av dei fire frå Noreg.

Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen vart verdsmeister på ny verdsrekord i full firkamp. Landsmannen Oleg Bozjev enda på andreplassen for tredje året i rad, hårfint føre Michael Hadschieff frå Austerrike. Om laurdagen gjekk Bae Ki-tae frå Sør-Korea kjappaste 500-meteren, før nederlendaren Leo Visser sette verdsrekord med 6.47,0 på 5000 m. Sundagen flytte Guljajev verdsrekorden på 1500 m til 1.52,70, sameleis forbetra norske Geir Karlstad verdsrekorden på 10 000 meter til 14.03,9.

Skeise-VM 1987Endra

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Nikolaj Guljajev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 159,356
Sølv Oleg Bozjev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 169,558
Bronse Michael Hadschieff Flag of Austria.svg Austerrike 160,567
4 Leo Visser Flag of the Netherlands.svg Nederland 160,808
5 Gerard Kemkers Flag of the Netherlands.svg Nederland 161,545
6 Viktor Sjasjerin Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 161,707
7 Rolf Falk-Larssen Flag of Norway.svg Noreg 162,129
8 Christian Eminger Flag of Austria.svg Austerrike 162,406
9 Benoît Lamarche Flag of Canada (Pantone).svg Canada 162,730
10 Hein Vergeer Flag of the Netherlands.svg Nederland 162,779
11 Geir Karlstad Flag of Norway.svg Noreg 162,884

Dato: 14./15. februar 1987

KjelderEndra