Skeise-VM 1999 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 1999 i firkamp vart avvikla i VikingskipetHamar dagane frå 4. til 6. februar. 24 kviner og like mange menn frå 11 ulike land deltok i meisterskapen.

Tyske Gunda Kleemann forsvarte meistertittelen og vart verdsmeister i firkamp for åttande gong. Ho vann dei to lengste distansane og sette verdsrekord på 5 000 meter med tida 6.57,2, samt i iten firkamp med poengsummen 161,479. Annamarie Thomas frå Nederland sigra på dei tor kartaste distansane i kvinne klassa. Nederlendaren Rintje Ritsma vart verdsmeister for tredje gong, utan å vinne eitt einaste løp. Distansesigrane fall i staden Christian Breuer frå Tyskland, Vadim Sajutin frå Russland, Ådne Søndrål frå Noreg og Belgias Bart Veldkamp.

Dei fire norske deltakarane enda på tredjeplass, Eskil Ervik, sjettplass, Ådne Søndrål, ellevteplass, Anette Tønsberg og tolvteplass, Kjell Storelid.

Skeise-VM 1999

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Rintje Ritsma   Nederland 152,651
  Vadim Sajutin   Russland 153,360
  Eskil Ervik   Noreg 154,176
4 Roberto Sighel   Italia 154,238
5 Bart Veldkamp   Belgia 154,808
6 Ådne Søndrål   Noreg 154,809
7 Martin Hersman   Nederland 155,000
8 Christian Breuer   Tyskland 155,034
9 K.C. Boutiette   USA 155,710
10 Frank Dittrich   Tyskland 155,926
11 Steven Elm   Canada 156,048
12 Kjell Storelid   Noreg 156,147

Dato: 4.–6. februar

Kvinner

endre
Plass Utøvar Land Poeng
  Gunda Kleemann   Tyskland 161,479
  Claudia Pechstein   Tyskland 162,935
  Tonny de Jong   Nederland 163,780
4 Annamarie Thomas   Nederland 164,411
5 Emese Hunyady   Austerrike 164,885
6 Barbara de Loor   Nederland 165.043
7 Maki Tabata   Japan 165,090
8 Varvara Barysjeva   Russland 165,873
9 Jennifer Rodriguez   USA 166,022
10 Ljudmila Prokasjeva   Kasakhstan 166,333
11 Anette Tønsberg   Noreg 167,536

Dato: 4.–6. februar

Kjelder

endre