Skeise-VM 2002 i firkamp

Verdsmeisterskapen på skeiser 2002 i firkamp vart avvikla i Heerenveen i Nederland 15. og 16. marsar. 24 kvinner og like mange menn frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Nederlendaren Jochem Uytdehaage vart verdsmeister etter å ha vunne dei to lengste distansane, russaren Dmitrij Sjepel vart andremann samanlagt og bestemann på dei to kortaste distansane. På kvinnesida forsvarte tyske Anni Friesinger meistertittelen, ho sigra på dei to mellomlange distansane. Elles vann Jennifer Rodriguez frå USA på 500 meter og tyske Claudia Pechstein på 5 000 meter.

Dei norske deltakarane enda på ellevte-, tolvte- og attandeplass, høvesvis Petter Andersen, Eskil Ervik og Anette Tønsberg.

Skeise-VM 2002 endre

Menn endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Jochem Uytdehaage   Nederland 152,482
  Dmitrij Sjepel   Russland 153,116
  Derek Parra   USA 153,661
4 Carl Verheijen   Nederland 154,551
5 Dustin Molicki   Canada 155,202
6 Paweł Zygmunt   Polen 155,216
7 Roberto Sighel   Italia 155,462
8 Keiji Shirahata   Japan 155,555
9 Bart Veldkamp   Belgia 155,826
10 Jevgenij Lalenkov   Russland 156,372
11 Petter Andersen   Noreg 157,487
12 Eskil Ervik   Noreg 158,731

Dato: 15.–17. mars

Kvinner endre

Plass Utøvar Land Poeng
  Anni Friesinger   Tyskland 162,260
  Cindy Klassen   Canada 162,472
  Claudia Pechstein   Tyskland 163,114
4 Jennifer Rodriguez   USA 163,735
5 Varvara Barysjeva   Russland 164,805
6 Renate Groenewold   Nederland 165,295
7 Tonny de Jong   Nederland 165,417
8 Maki Tabata   Japan 165,489

Dato: 15.–17. mars

Kjelder endre