Forlis
Forlis (avleidd frå lågtysk og/eller nederlandsk verlieren, verlust, 'tap')[1] er eit sjøfartsuttrykk som viser til det totale tapet av eit skip.
Forlis kan henda på grunn av vind, straum, bølgjer eller uventa grunnar og skjer, gjerne under omstende der mannskapet ikkje heilt har kontroll med styring eller framdrift. Omgrepet vert òg brukt om fatale ulukker som skuldast at skip har gått på ei sjømine.
Uttrykket havari vert ofte brukt om det same, men som regel meir gradert og uten at utfallet alltid er like katastrofalt. Havari er også ei nemning på enkelte større eller mindre uhell og ulukker i veg-, jernbane- og lufttrafikk. Ordet har òg ei spesifikk juridisk tyding.
Nokre av dei større og best kjende forlisa i historia er Titanic-forliset i 1912 og Estoniaforliset i 1994.
Årsaker
endreBlant dei faktorane som kan føra til forlis er:
- Dårleg utforming eller feil i utstyr.
- Ustabilitet grunna dårleg skipsdesign, feilaktig lagra skipslast, last som endrar posisjon, eller at skipet er overlasta.
- Feil i navigeringa eller andre menneskelige feil, som fører til kollisjon med andre skip, skjær, isberg eller liknande.
- Dårleg vêr, storm til havs, vind og mektige bølgjer.
- Krig, sjørøveri, mytteri, eller sabotasje, inkludert kanonar, torpedoar, sjøminer, bomber og liknande.
- Brann om bord.
- Bevisst senking av skipet; bore i senk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Forlis» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2017.
- Referansar
Litteratur
endre- Blumenberg, Hans (1997): Shipwreck with Spectator: Paradigm of a Metaphor for Existence, Cambridge, Massachusetts: MIT Press
Bakgrunnsstoff
endre- NOAA Wrecks and Obstructions Database Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine., database over skipsforlis