Skjersholmane-Valevåg

Skjersholmane-Valevåg var eit tidlegare ferjesamband i Sunnhordland mellom SkjersholmaneStord og Valevåg i Sveio kommune. Sambandet vart oppretta i 1983, då kaien på Skjersholmane stod ferdig, og eksisterte fram til Trekantsambandet opna i 2001. Sambandet var då ein del av E39.

Sambandet tok over for Leirvik-Valevåg-Mosterhamn i 1983, samstundes med at Valevåg-Mosterhamn vart oppretta.

I 2007 gjekk det gratisferjer på strekningen i tre veker pga vedlikehaldsarbeid i Bømlafjordtunnelen.[1] Sambandet vart då betjent av dei tre ferjene MF «Bjørnefjord» (140 Pbe), MF «Masfjord» (140 Pbe) Og MF «Sunnhordland» (104 Pbe). Ferjene gjekk to ganger i timen om føremiddagen og tre ganger i timen på ettermiddagene, då den siste ferjen vart sett inn. Sjølv med tre ferjer var det til tider lange køar på grunn av stor trafikk.[2]

Ferjer endre

Kjelder endre