Leirvik-Valevåg-Mosterhamn

Leirvik-Valevåg-Mosterhamn var eit tidlegare ferjesamband som gjekk mellom LeirvikStord, Valevåg i Sveio kommune og Mosterhamn i Bømlo kommune driven av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap.

MF «Folgefonn» var den første bilferja i sambandet. (Biletet er frå Austevoll).

MS «Tysnes» var den første båten som tok med seg bilar i lokalrute i Sunnhordland. Ho kunne ta med seg to bilar tverrskips på framdekket og trafikkerte rutene Leirvik - Halsnøy - Sunde og Leirvik - Valevåg - Mosterhamn, med mange anløp langs desse rutene, frå 1930 og framover. I 1947 vart ruta omtalt som ferjerute i ruteheftet til HSD, men det var framleis «Tysnes» som trafikkerte ruta. Etter kvart gjekk òg MS «Granvin» i denne ruta. Denne båten kunne òg berre ta 2-3 bilar.

I 1957 vart MS «Halsnøy» sett inn i ruta og denne kunne ta åtte bilar, men vart alt same året avløyst av MF «Folgefonn», som kunne ta 20 bilar. Sidan «Halsnøy» ikkje hadde lokalruter, slik «Tysnes» hadde hatt, kunne «Folgefonn» gjere langt fleire rundturar enn tidlegare. «Folgefonn» gjekk i ruta fram til midten av 1960-talet. Kapasiteten på ferja byrja etter kvart å bli for liten, og MF «Osafjord», som trafikkerte ruta Flatråker-Jektevik-Nord-Huglo, tok ein tur til Sunde, Halsnøy og Leirvik med retur midt på dagen.

Sommaren 1967 kom nye MF «Sveio» inn i ruta i tillegg til MF «Folgefonn» og hausten 1968 vart «Folgefonn» avløyst av MF «Kinsarvik», som tok 30 bilar. «Sveio» og «Kinsarvik» trafikkerte ruta i lag fram til 1969-1970.

Då ferjekaien på Skjersholmane vart opna i mai 1983 vart dette ferjesambandet lagt ned og delt opp i Skjersholmane-Valevåg og Valevåg-Mosterhamn.

Kjelder endre