Skjervøya

øy i Troms

Skjervøya (nordsamisk: Skiervá, kvensk: Kierua) er øya som kommunen Skjervøy i Troms er kalla opp etter. Her ligg kommunesenteret Skjervøy, som i 2023 hadde 2437 innbyggjarar. Tettstaden ligg på austsida av øya.

Skjervøya
Geografi
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 70°01′38″N 20°57′46″E / 70.02722°N 20.96278°E / 70.02722; 20.96278

Areal 11,8 km²

Høgaste punkt Skattørfjellet (345 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Demografi
Folketal 2376 (2005)
Folketettleik 201 /km²

Skjervøya har eit areal på 11,8 km², og det høgaste punktet på øya er Skattørfjellet på 345 meter over havet. Øya ligg like aust for Kågen, som ho har brusamband med over Skattørsundet. Frå Kågen går det tunnel under Maursundet og vidare til fastlandet i Nordreisa kommune. Skjervøya ligg ved innløpet til Reisafjorden, medan Kvænangen ligg i nord og vest.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.