Reisafjorden

fjord i Troms

Koordinatar: 69°54′41.188″N 21°4′48.061″E

Reisafjorden (samisk Ráisavuotna) er ein fjordarm av Kvænangsfjorden i Skjervøy og Nordreisa kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 32 km sørvestover til Storslett i botn av fjorden.

Reisafjorden
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommunar Nordreisa, Skjervøy
Del av Kvænangsfjorden

Reisafjorden
69°55′26″ N 21°6′34″ E

Fjorden har innløp mellom Skjervøya i vest og Store Haukøya i aust. Sør for Store Haukøya går Haukøysundet austover til Kvænangen. Kågen er ei anna øy på vestsida av fjorden. Her går Maursundet på sørsida av øya og vestover til Lyngen. Reisafjorden går sørover på fastlandet langs austsida av Maurneset. Han har to fjordarmar på austsida, Oksfjorden og Straumfjorden. Bortsett frå tettstaden Skjervøy, som ligg ved fjorden heilt ute, ligg dei fleste busetnadene i den indre delen av fjorden. Her finn ein bygda Bakkeby på vestsida, inst i Bakkebyfjorden. Storneshamn er ei grend på andre sida av fjorden. Nesten heilt inne i fjorden ligg tettstaden Sørkjosen og Sørkjosen lufthamn, medan Storslett ligg heilt inne. Her munnar Reisaelva ut i fjorden.

E6 går langs vestsida i den indre delen av fjorden og utover på Straumfjorden og Oksfjorden. Riksveg 866 går utover til Skjervøya på vestsida.