Opna hovudmenyen
Kågen
Lokalt namn: Gávvir
Geografi
Norway - Kågen.png
Stad Nord-Noreg
Koordinatar 69°59′N 20°50′EKoordinatar: 69°59′N 20°50′E

Areal 85,7 km²

Høgaste punkt Store Kågtinden (1228 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Troms

Kågen (samisk Gávvir) er ei øy i Skjervøy kommune i Troms. Øya ligg vest for Skjervøya og sør for Arnøya og Laukøya. Kågen har eit areal på 85,7 km², og det høgaste punktet på øya er Store Kågtinden på 1228 moh.

Kågen er knytt til Skjervøya og kommunesenteret Skjervøy med Skattørsundet bru. I sør er Kågen knytt til fastlandet med Maursundtunnelen. Frå Storstein nordaust på Kågen går det ferje til NikkebyLaukøya og Lauksundskaret på Arnøya.