Skjonghelleren
Skjonghelleren er ein heller på vestsida av Valderøya i Giske på Sunnmøre. Inngangen til hola ligg i dag 57 meter over havet. Opninga er om lag 38 meter høg. Hola går om lag 140 meter innover i fjellet. På dei inste 70 meterane er botnen forholdsvis flat. Seismiske målingar syner at her er om lag 20 meter laust avsetjingsmateriale over berggrunnen.
Skjonghelleren | |||
heller | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Skjonghelleren 62°31′08″N 6°06′16″E / 62.51888889°N 6.10444444°E |
Det har vore arkeologiske utgravingar i Skjonghelleren.
I 1873 og 1878 fann ein materiale som tyder på busetnad. Dette materiallaget er frå tidsrommet 500 f.Kr―600 e.kr. Det har vorte diskutert om Skjonghelleren har vore heilårsbustad, eller berre brukt under fiske og jakt.
I 1983 grov ein heilt ned til seks meter. Det vart funne bein av fugl, fisk og pattedyr som er opp til 30 000 år gamle. Av pattedyr er det særleg oter og fjellrev som dominerer. Då desse funna vart gjorde var dei eldste funn av spor etter liv i Noreg 12 000 år gamle.
Kjelder
endre- Lokalhistorie for øyane i Giske Arkivert 2004-12-10 ved Wayback Machine.
- S. Indrelid og S. Ugelvik Larsen (red.)-fra de første fotefar. Sunnmøres forhistorie.1984 ISBN 82-990937-3-2
Bakgrunnsstoff
endre- Skjonghelleren i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren