Valderøya
Valderøya | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnmøre |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 6,5 km²
|
Høgaste punkt | Signalen (231 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Møre og Romsdal |
Største busetnad | Valderhaug og Valderhaugstrand
|
Demografi | |
Folketal | 3345 (2008) |
Folketettleik | 489 /km² |
Valderøya er ei øy i Giske kommune på Sunnmøre.
Med 3 345 innbyggjarar (2008) er øya den mest folkerike i kommunen. Her ligg kommunesenteret Valderhaugstrand, sør på øya. Andre viktige tettstader er Nordstrand i aust og Skjong i sørvest. Fiske og fiskeforedling, tenestyting og mekanisk industri er dei viktigaste næringsvegane. Rådhuset i Giske kommune ligg på Valderøya.
Geografi endre
Valderøy har ein flatevidd på 6,5 km² og er berglendt. Øya har brusamband til Vigra over Gjøsund og til øya Giske over Staursundet. Valderøytunnelen utgjer eit undersjøisk tunnelsamband til Ellingsøy som går vidare til Ålesund.
Historie endre
Dei viktigaste historiske stadene på øya er Skjonghellaren, ei hole i fjellet med spor etter busetjing frå yngre jernalder, og Valderhaugen, der ein har funne dei eldste båtrestane i Norden.
Valderøy kyrkje er ei betongkyrkje frå 1961.
Bakgrunnsstoff endre
- «Valderøy» Arkivert 2005-02-10 ved Wayback Machine.
- «Øyriket Giske» på giske.kommune.no[daud lenkje]