Skoggråurt (Omalotheca sylvatica) er ein art i korgplantefamilien. Urta har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 30 cm høg. Alle blad er linjeforma og lyst gråfilta. Det sit mange smale støtteblad skrått opprett på planta. Blomane har gulbrune korgdekkblad. Planta blomstrar kring juli månad på turre stader i open skog. I Noreg er ho nokså vanleg nord til Troms. Ho er funnen opp til 1200 m i Lom kommune.

Skoggråurt
Skoggråurt
Skoggråurt
Utbreiing og status
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av Skoggråurt
Utbreiinga av Skoggråurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Gnaphalieae
Slekt: Omalotheca
Art: Skoggråurt O. sylvatica
Vitskapleg namn
Omalotheca sylvatica

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre