Skogstorkenebb



Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Geraniales
Familie: Geraniaceae
Slekt: Geranium
Art: G. sylvaticum
Vitskapleg namn
Geranium sylvatikum

Skogstorkenebb eller sjuskjære (Geranium sylvaticum) er ei urt i storkenebbfamilien. Utbreidd i Europa og Asia.

Planta er kring 4 dm høg med ein rund stengel. Denne har nedst lange, og øvst korte hår og kjertelhår. Djupe skar mellom de sju bladlappane. Opprette fruktskaft. Smalt avlange begerblad og fiolette eller stundom kvite kronblad. Den nedre smale delen av kronbladet har hår på oversida.

Skogstorkenebb blomstrar kring juni månad i skog og enger i låglandet og til fjells over heile Noreg. Funnen opp til 1750 meter over havet i Jotunheimen.

Kjelder

endre
  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.