Ekte tofrøbladingar
gruppe av plantar
(Omdirigert frå Eudicotyledonae)
Eigentlege eller ekte tofrøbladingar (Eudicotyledoneae) er ei gruppe i moderne biologisk systematikk (APG II-systemet frå 2003) som utgjer ein av dei tre store kladane i klassen tofrøblada plantar. Gruppa omfattar rundt 75 000 artar, og utgjer rundt 25 % av alle karplantar på jorda.
Ekte tofrøbladingar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Klade: | Ekte tofrøbladingar eudicots |
Eit avleidd fellestrekk for dei ekte tofrøblada plantane er at dei har pollen med tre opningar i karakteristiske furer. Andre utbreidde fellestrekk er at frøet som oftast gror med to frøblad, og at bladet som oftast har fjør- eller handmønstra nervestrukturar.[1]
Fylogenetisk oversikt
endreInndelinga under viser det ein til no veit om slektskapstilhøva i hierarkisk skrivemåte (familiane som har norske navn er gjevne i parentes):
- Ranunculales (berberisfamilien, jordrøykfamilien, soleiefamilien, valmuefamilien)
- [Gruppe utan namn]
- Sabiaceae
- Proteales (platanar)
- [Gruppe utan namn]
- Buksbomfamilien
- Trochodendraceae
- [Gruppe utan namn (core eudicots på engelsk)]
- Gunnerusbladfamilien
- [Gruppe utan namn]
- Santalales (trådurtfamilien)
- Berberidopsidales
- Asteridae
- [Gruppe utan namn]
- [Gruppe utan namn]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Egentlige tofrøbladede planter» frå Wikipedia på bokmål, den 17. mars 2014.
- ↑ Johannes Lid, Dagny Tande Lid, Reidar Elven (red), Norsk flora, Oslo 2006, side 150. Oppgjeve av Wikipedia på bokmål.