Skolopender
(Omdirigert frå Skolopendrar)
Skolopendrar eller enkeltføtingar (Chilopoda) er ei gruppe (klasse) mangefotingar. Dei er aktive jegerar som fangar byttet sitt med kraftige giftkjertlar, og lever på landjorda over heile verda. Gruppa vert delt i fem ordenar som til saman omfattar rundt 3 300 beskrivne artar. I Norden har ein funne 38 av dei, i fire ordenar.
Skolopenderar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Mangefotingar Myriapoda |
Klasse: | Skolopenderar Chilopoda Latreille, 1817 |
Kjenneteikn
endreSkolopendrane er avflata ovanifrå og vert kjenneteikna ved ein lang, segmentert kropp med eit hovud, eit kjevefotsegment, ein del kroppssegment og eit endesegment. Kvart kroppssegment ber eit einskild par bein, noko som avhengig av art og alder gjev dyra mellom 15 og 181 par bein. I Norden har ein ikkje funne eksemplar med meir enn 83 par.