Skorpefjorden
61°35′3.5088″N 4°50′16.249″E / 61.584308000°N 4.83784694°E Skorpefjorden er ein fjord eller eit sund i Kinn kommune i Vestland som ligg vest for Florø mellom øyane Skorpa i nord og Kinn og Reksta i sør. Fjorden strekkjer seg om lag 10 km frå vest og innover mot Florø.
Fjorden startar i vest mellom Kinn og Nærøya, like aust for Ytterøyane fyr, og endar opp mellom Nordre Nekkøya og Ånnøya i aust.