Ytterøyane fyrstasjon

(Omdirigert frå Ytterøyane fyr)

Ytterøyane fyrstasjon er eit kystfyr som ligg på ei øy i øygruppa Ytterøyane, nordvest i Kinn kommune i Vestland.

Ytterøyane fyrstasjon

Ytterøyane fyrstasjon
Foto: Bjarte Sindre
FylkeVestland
KommuneKinn kommune
FunksjonKystfyr
Oppretta1881
Koordinatar61°34.2455′N 4°40.8002′E / 61.5707583°N 4.6800033°E / 61.5707583; 4.6800033
Fyrtårn
Høgd20,4
FormRaudt tårn med eitt kvitt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterLysglimt kvart 30. sekund
Lyshøgd59 moh.
Lysvidde11,0 nm
Status
EigarStaten ved Kystverket
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Ytterøyane fyrstasjon
61°34′17″N 4°40′49″E / 61.5714°N 4.68028°E / 61.5714; 4.68028
Ytterøyane fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Ytterøyane fyrstasjon

Fyrstasjonen har eit 20 meter høgt støypejernstårn som står på ein høg, åttekanta betongsokkel. Med sokkelen er tårnet 31 meter høgt. Det opphavlege 1. ordens linseapparatet er bygd om, men framleis i drift. Tett ved fyret står maskinhus, bustad og uthus. Ved vegen ned til naust og landing ligg tuftene etter ei smie. Området har rik flora og fugleliv og er verna som naturreservat etter lov om naturvern.

Sjølve fyrstasjonen er freda etter lov om kulturminne.

Klima

endre

Meteorologisk institutt har hatt ein vêrstasjon på Ytterøyane fyr sidan september 1984. Stasjonen ligg 26 meter over havet og har synopnummer 01304.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 2,8 2,3 3,0 4,5 7,8 11,0 12,5 13,1 11,1 9,1 5,8 3,7 7,2
Nedbør (mm) 95 71 80 58 45 57 72 91 136 139 130 116 1090

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre