62°20′10″N 05°30′33″E / 62.33611°N 5.50917°E / 62.33611; 5.50917

Skorpesundet
sund
Land  Noreg
Kart
Skorpesundet
62°20′10″N 5°30′47″E / 62.336063°N 5.51307694°E / 62.336063; 5.51307694

Skorpesundet er eit sund mellom øyane Skorpa og Nerlandsøya i Herøy kommuneSunnmøre.

Sundet er om lag 2 km breitt på det breiaste.

Under andre verdskrigen var Skorpesundet ein av dei viktigaste kanalane inn til Noreg for Shetlandsbussen. Det er ikkje busetjing i vestre enden mot havet, noko som gjorde at ein kunne kome seg usett til dei indre farvatna. I tillegg stoppa mange av båtane på Skorpa, der dei sette av agentar eller tok på soldatar, flyktningar, og ved eit par tilfelle, Shetlands-Larsen, som skulle til England. På skorpesida av sundet låg der mellom anna eit sommarfjøs som vart mykje nytta som skjulestad.