Skuldalsbruri
Skuldalbruri er nemninga på ei segn, ei vise og ein slått, knytt til Skuldalen i Seljord. Segna finst i fleire variantar.
Segna
endreSigne Skuldalen var tvinga til å gifte seg med ein gut ho ikkje ville ha, granneguten Steinar Åse, som ikkje hadde godt ord på seg. Bruferda gjekk over Skuldalsvatnet med båt, og midtveges utpå reiste Signe seg og kvad dette stevet:
- Mykji ti mann
- Mei ti gut
- va Steinar Åsi,
- ha`an kji legje
- mæ fante-fjåsi
- ha`an kji stole
- den tobaksdåsi
Eller
- det va meir ti mann, den Steinar Åse
- ha`an inkje fare med den fante-fjåse,
- Ha`an inkje stole den tobaks-ali,
- ha`an inkje legje med fante-Kari.
- å, eg tregar`a, eg tregar`a
- å hu å hu, eg tregar`a.
Då ho hadde sunge dette stevet, kasta ho seg på vatnet og vart borte.
Ei anna variant fortel at Signe datt av hesten og braut lårbeinet, og laut sitja i benken medan dei andre dansa. Ho tralla slåtten medan dei andre tro dansen (Torkjell Haugerud).
Olav Tjønnstaul fortalde ei anna soge. om Tone Skuldalen:
Ho va` saa stor paa dæ at daa ho sto brur saa gjekk` o i gvite husko mæ svarte gjeirar. Saa kaam` o inn u kjørkja, ho daa, ser dum aa helsa paa gvor bidige mann. "aa gudag du i den baasen!" sa `o, "aa gudag du i den baasen!" aa so helsa `o. Men saa saag `o på prekestolen. "Aa gudag Ivar i dæ store skaape!" sa ò. Men du veit dæ va`kje folkegjær paa `o. "Ja, fær `o noko mange av bónni, dett`e snart skarte!" sa di. Ja, dæ va` Tone Skuldalen, dæ!
Gangaren Skuldalsbruri skal ha vore bygd ut av Myllarguten, etter ein tradisjon.
Visa
endreVisa om Skuldalsbruri er kjend etter kvedaren Aslak Brekke. Visa følgjer handlinga i den mest kjende av segnene, og er bygd opp som ein skillingsvise. Etter visa vart Signe attfunnen daud i vasskanten dagen etter bryllaupet. siste verset går slik:
- Sea ho sin gut inkji sjov fekk velje
- fe pening vi` ho seg alli selje.
- og likferd blei etter brurelag,
- men slåtten liver den dag i dag.
Bakgrunnsstoff
endreHardingfeleverket, tillegg band I.
Rikard Berge: Norsk sogukunst, 1924
Ekgren: Aslak Brekke og visune hans, Norsk folkeminnelag 1983.