Gangaren Skuldalsbruri
Gangaren Skuldalsbruri er ein slått som tradisjonelt er knytt til Telemark og Setesdal, men det finst og ein variant frå Valdres. Difor kan ein rekne gangaren som ein vandreslått. Slåtten er knytt til segna om Signe Skuldalen, Skuldalsbruri, og alle variantane av slåtten har slåttetak som er knytt til dei to steva i segna. Det er sagt at Myllarguten skal ha dikta slåtten over steva. I Krødsherad har slåtten vore kalla Håvardsgangar, eit minne om at slåtten er spela i form etter Håvard Gibøen der. Nokre av formene er og kalla Steinar Åse.
Eivind Groven rekna slåtten som eit døme på spelestilen til Håvard Gibøen, og Myllarguten lyt soleis ha lært slåtten av Håvard.
Otto Furholt, hardingfele, spelte inn «Skuldalsbruri» i Oslo 29. april 1955. Han blei utgiven på 78-plata His Master's Voice A.L. 3522.
Variantgruppa
endreI hardingfeleverket har Skuldalsbruri nr 114/120. Slåttekrinsen har i alt ti variantar, dei fleste med namnet Skuldalsbruri. Slåtten har mest truleg heime i Telemark, men ei form har vore spela i Valdres sidan 1700-talet.
nr 114:
- a: Skuldalsbruri, etter Torleiv Bjørgum, Hylestad, Setesdal [1][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1958 etter opptak i NRK (Ø 346). Bjørgum hadde slåtten etter Hallvar S. Rysstad.
- b: Skuldalsbruri, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK (G 35). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale, Tinn.
- d: Skuldalsbruri, etter Olav R. Berge, Rauland, og Olav H. Tveito, Vinje [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1920 (G 570).
- d: Skuldalsbruri, etter Knut Dale, Tinn [4][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 151). Dale hadde slåtten etter Myllarguten. Dei møttest på Åmyrmarken i 1860. Denne forma var nytta av Edvard Grieg i hans op. 78.
- e: Skuldalsbruri, etter Knut Heddi, Rysstad, Setesdal [5][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 163). Heddi hadde slåtten frå Eivind Fjalestad, Nissedal. Dei møttest i 1890-åra.
- f: Noralaupen, etter Andres Hove, Rysstad [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK (G 1002).
Nr. 120:
- a: Skuldalsbruri etter gamle Hans Fykerud, etter Johannes Dale, Tinn [7][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1970 (G 1876). Johannes hadde slåtten etter Knut Dale, som hadde forma etter gamle Hans Fykerud.
- b: Skuldalsbruri, etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark [8][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1968 (G 1747). Oppskrift etter grammofonplate.
- c: Skuldalsbruri, etter Kjetil Løndal, Tuddal [9][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1969 (G 662).
- d: Hølje-hallingen, etter Knut Trøen, Østre Slidre, Valdres [10][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1965 (G 1592). Trøen lærte slåtten av Gullik Kirkevoll, Vestre Slidre. Forma skal vera gamal i Valdres. Forma skal vera etter Helge Gullikson Høverstad (1759-1800). Slåtten er bygd opp kring taka i det andre av dei to steva om Skuldalsbruri (Det var meir til mann…).