Sky-Hi Nunataks
Sky-Hi Nunataks er ei gruppe nunatak, 8 nautiske mil (15 km) lang, 11 nautiske mil (20 km) aust for Grossman Nunataks og nordaust for Merrick Mountains i Palmer Land som strekkjer seg frå Doppler Nunatak i vest til Arnoldy Nunatak i aust og omfattar Mount Mende, Mount Lanzerotti, Mount Carrara og Mount Cahill. Nunatakane vart oppdaga og fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48. Namnet kjem frå prosjektet til US Antarctic Research Program (USARP) kalla Sky-Hi, der Camp Sky-Hi (seinare endra namn til Eights-stasjonen) vart sett opp i Ellsworth Land i november 1961. Nunatakane vart kartlagde i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi tekne av U.S. Navy i 1965-67 og Landsat-bilete tekne i 1973-74.
Sky-Hi Nunataks | |||
nunatak | |||
Topografisk kart med skala 1:250 000 av Sky-Hi Nunataks.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 74°52′S 71°30′W / 74.867°S 71.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sky-Hi Nunataks 74°52′00″S 71°30′00″W / 74.8667°S 71.5°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Sky-Hi Nunataks» (innhald frå Geographic Names Information System).