Skýros

(Omdirigert frå Skyros)

Skýros (gresk Σκύρος) er den sørlegaste øya i Dei nordlege Sporadane i Egearhavet i Hellas. Rundt år 2000 fvt. vart øya kalla «Øya til magnetane», der magnetane budde, og seinare Pelasgia og Dolopia. Med eit areal på 209 km² er ho den største av Dei nordlege Sporadane og har eit folketal på om lag 3 000.

Skýros
Lokalt namn Σκύρος
Satellittbilde av Skyros
Satellittbilde av Skyros
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°10′N 23°29′E / 39.167°N 23.483°E / 39.167; 23.483
Øygruppe Dei nordlege Sporadane

Areal 209 km²

Høgaste punkt Ólymbos (903 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Hellas
Évvia
Største busetnad Skýros (1 725 innb.)

Demografi
Folketal 3 052 (2021[1])
Folketettleik 13,4 /km²

Geografi

endre
 
Khora eller Skýros på Skýros.

Til skilnad frå dei andre øyane i Dei nordlege Sporadane høyrer ikkje Skýros til Thessalía, men er ein eigen kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.[2]

Den nordlege delen av øya er dekt av skog, og her ligg òg det høgaste punktet på øya, Ólymbos på 903 meter over havet, medan den sørlege enden er dominert av fjellet Kókhylas og er berr og steinete. Hovudbyen på øya heiter òg Skýros (eller lokalt Khóra). Den største hamna, som ligg på vestkysten, er Linariá. På øya ligg det ei borg (kastro) som vart bygd under den venetianske okkupasjonen (1200- til 1400-talet), eit austromersk kloster (St. Georg-klosteret), grava til den engelske diktaren Rupert Brooke ved hamna Tris Boúkes og den arkeologiske utgravinga Palamári frå bronsealderen. Det er mange strender langs kysten.

Ein kan nå Skýros med båt frå Skiáthos eller Évvia. Øya har også ein flyplass med éin rullebane.

Myter

endre
 
Akilles på Skyros. Illustrasjon frå rundt 1400.

I gresk mytologi skal Theseus ha døydd på Skýros etter å ha blitt kasta ned ei klippe. Krigshelten Akilles skal ha blitt gøymd her, forkledd som ei jente og etterkvart gifta seg med ei lokal prinsesse før han tok del i Trojakrigen.

 
Karnevalsfeiring på Skýros.

Historie

endre

I 475 fvt. erobra Kimon heile øya. Frå denne tida vart øya ein del av Det athenske forbundet, som seinare vart det athenske riket. Kimon hevda å ha funne leivningane etter Theseus og sende dei tilbake til Athen.

I 340 fvt. tok makedonarane over øya og regjerte over ho fram til 192 fvt. då romerske styrkar og Filip V av Makedonia gav ho tilbake til Aten.

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Skýros 1 657 1 725
Mólos 618 665
Aspoús 107 177
Linariá 116 132
Akhílli 53 61

Dei andre busetnadene på øya er:

  • Akheroúnes (54)
  • Loutró (54)
  • Kalamítsa (43)
  • Kalikrí (43)
  • Thraký (39)
  • Nýfi (33)
  • Atsítsa (13)
  • Pévkos (7)
  • Kyrá Panajá (6)
  • Melá (0)

Småøyar i kommunen:

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre