Skyss-stasjon (eller mest vanleg skysstasjon) var ein sentralt plassert gard eller annan bygning der reisande i gamle dagar kunne få hest og kjerre for ferda vidare, i tillegg til kost og losji. Mot godtgjersle hadde skysstasjonane visse plikter som t.d. å halde nok reiseklare hestar for ferdafolk.

Frå skysstasjonen Heggestøl i Vinje i Telemark mellom 1880 og 1910.
Dombås skysstasjon i Oppland mellom 1860 og 1880.
Foto: Henry Rosling/Riksantikvaren

Skyssvesenet i Noreg går langt attende i tid, og vart oppheva ved lov av 25. mai 1951.

Nye skysstasjonar endre

I nyare tid har ein tatt å nytte ordet skysstasjon for knutepunkt for kollektivtransport. Ein slik ny skysstasjon er Lillehammer Skysstasjon som har omstiging både for buss og tog.[1] Fagernes Skysstasjon er knutepunkt for bussruter i Valdres.[2]

I tillegg til sjølve transporttiilbodet er det òg vanleg at skysstasjonar har enkle serveringsatader og kioskar.

Referansar endre

  1. Lillehammer skysstasjon, arkivert frå originalen 8. mai 2012, henta 6. april 2012 
  2. Fagernes Skysstasjon, arkivert frå originalen 30. april 2012, henta 6. april 2012