Slaget ved Cartagena de Indias

Slaget ved Cartagena de Indias var det avgjerande slaget under ein omfattande amfibisk operasjon av Storbritannia under viseadmiral Edward Vernon mot Spania under admiral Blas de Lezo. Britane prøvde å ta byen Cartagena de Indias, i dag i Colombia, og slaget starta i mars 1741. Det var det mest avgjerande slaget i krigen om øyra til Jenkins og eit av dei største sjøslaga i britisk historie. Krigen var ein del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Han enda med eit stort nederlag for britane, som mista 50 skip og 18 000 mann.[7]

Slaget ved Cartagena de Indias
Del av krigen om øyra til Jenkins

Åtaket på Cartagena de Indias av engelskmennene i 1741, olje på lerret, 1700-talet.
Dato Mars-mai 1741
Stad Cartagena de Indias, statthaldarskapet Ny-Granada (dagens Colombia)
Resultat Avgjerande spansk siger
Partar
Storbritannia Spania
Kommandantar
Edward Vernon,
Thomas Wentworth
Sebastián de Eslava,
Blas de Lezo
Styrkar
31 400 mann:[1]
  • 15 400 sjømenn frå Royal Navy
  • 2000 soldatar
  • 6000 marinesoldatar
  • 3000 amerikanske kolonisoldatar[2]
  • 5000 handelsmenn
  • 186 skip[3]
4000 mann:[4]
  • 1100 soldatar
  • 300 kolonimilits
  • 600 indianarar
  • To kompani frie svarte og mulattar
  • 600 sjømenn
  • 400 soldatar eller marinesoldatar
  • 6 linjeskip
Tap
18 000:[5]
  • 8000 -11 000 døde[6]
  • 7500 skadde
  • 1500 kanonar
  • 50 skip
2000:
  • 800 døde
  • 1200 skadde
  • 6 skip
Krigen om øyra til Jenkins
Portobelo - St. Augustine - Cartagena de Indias - Bloody Marsh - Havanna

Bakgrunn endre

 
Sir Robert Walpole

Krigen om øyra til Jenkins var ein konflikt mellom Storbritannia og Spania som varte frå 1739 til 1748. Med Sevilla-traktaten i 1729 hadde britane sagt seg villige til å ikkje handle med spanske koloniar bortset frå under ekstreme vilkår avgrensa til ei årleg skipslast og slavehandel.[8] Handelsmennene i England gjorde krav på tilgang til den lukrative spanske marknaden, medan spanske kolonistar ønskte britiske varer, så ein svartebørsmarknad sprang opp. Som ein del av avtalen kunne Spania borde engelske skip i spansk farvatn for å sjå at dei overheld avtalen. Det var under ei slik bording at Robert Jenkins skal ha fått øyra sitt avskoren av den spanske kystvakta. Jenkins viste fleire år seinare øyra sitt føre parlamentet heime i Storbritannia, og dette var dropen i begeret som førte til at britane erklærte krig mot spanjolane.

Spansk Karibia endre

Handelen i Spansk Karibia bestod av eit nettverk av fire hovudhamner: Vera Cruz, Cartagena, Porto Bello (i dag Portobelo) og hovudhamna som dei tre andre handla med, Havana. Den 22. november 1739 tok britane Portobelo, som då var ein del av statthaldarskapet Ny-Granada. Åtaket var eit forsøk på å øydeleggje økonomien til Spania. Den dårleg forsvarte hamnebyen vart angripe av seks skip[9] frå linja under viseadmiral Edward Vernon.[10] Sjølv om byen vart raskt gjenerobra av Spania førte hendinga til stor jubel i England og Vernon fekk kommando over ein stor flåte som bestod av ein fjerdedel av skipa i den britiske marinen.[11]

Mål endre

Britane hadde som mål å erobra og behalde dei fire hamnene til Spania i Karibia og slik overta heile Det spanske Amerika. Britane hadde derimot ingen stad i Karibia å byggje og reparere skip, slik som Spania hadde i Havanna, og dei kunne dermed ikkje halde seg i området over lengre tid utan at det gjekk ut over skipa. Dei måtte derfor handle raskt og Vernon og eit krigsråd på Jamaica valde ut Cartagena som det første målet deira.

Slaget endre

 
Kart som viser handelsområda i Vestindia frå 1741

Den britiske invasjonsstyrken bestod av minst 26 400 mann i 186 skip[12] inkludert 29 linjeskip;[13] og 2000 kanonar mot ein styrke på 3000 spanjolar og kolonistsoldatar, og 600 indianarar,[14] som kjempa frå seks fregattar og massive forsvarsverk under Sebastián de Eslava, Don Melchor de Navarrete, Don Carlos Des Naux og Don Blas de Lezo.

Britane kom til Cartagena den 4. mars og etter nokre veker med bombardement gjekk dei til åtak både til lands og til sjøs ved Boca Chica den 5. april. Denne kanalen gjekk mellom dei to smale halvøyane og vart forsvart på den eine sida av fortet St. Louis med fire bastionar og om lag 80 kanonar, og på den andre sida av eit batteri på 15 kanonar i reduttar. På den sørlege halvøya stod Fort St. Joseph med 21 kanonar. I tillegg var det seks spanske linjeskip.[15] Den britiske armeen på land oppretta eit batteri og braut gjennom muren i hovudfortet, medan delar av flåten støtta dei og ein annan del av flåten angreip spanske skip, som Lezos til slutt sette i brann for å hindre britane. To spanske skip blokkerte delvis kanalen og eit vart teken av britane før det sokk. Britane rykte fram mot holet i muren, men spanjolane hadde alt trekt tilbake til festninga i den indre hamna den 24. mars. Landstyrken gjekk om bord på skipa igjen og segla inn i hamna. Britane bestemde seg for å isolere Cartagena frå landsida med eit åtak på Fort St. Lazar. Åtaket slo feil og britane mista 600 mann.

 
Blas de Lezo av ukjend målar

Don Blas de Lezo sin plan var å trekke seg bort frå kampane og dra ut tida til regntida sette inn mot slutten av april. Troperegnet ville setje ein effektiv stoppar for kampane ein to månaders tid. Jo lenger fienden var på havet, jo større sannsyn var det for at forsyningane og tolmodet til mannskapet kom til å ta slutt. I tillegg ville dei vere utsett for sjukdom. Vernon og Wentsworth, som leia landtroppane, vart etter kvart ikkje på talefot med kvarandre på grunn av indre stridar, og då Wentworth skulle gjere eit åtak ville ikkje Vernon støtte åtaket frå sjøen, og skulda på djupna i hamna.

Regnet kom og som de Lezo hadde satsa på måtte britane tilbake i skipa sine, der dei tette buforholda gjorde sjukdommane enno meir dødlege. 25. april valde Vernon å trekke tilbake til Jamaica og i midten av mai var alle saman borte.

 
Admiral Edward «Old Grog» Vernon måla av Thomas Gainsborough.

Slaget varte 67 dagar og enda med eit grundig tap for britane, som mista 18 000 mann, om lag halvparten på grunn av sjukdom, og 50 skip.[16] Mange døydde av gul feber, dysenteri og svolt.

Etterverknad endre

Då dei pinlege nyhendene om utfallet nådde London nokre veker seinare forbaud den britiske regjeringa offentleg omtale av nederlaget.[17] Regjeringa til Robert Walpole måtte gå av som følgje av nederlaget og Spania fekk kontroll over sine særs lukrative koloniar. Nyhendene om nederlaget nådde Europa mot slutten av juni og fekk store etterverknader. Det fekk Georg II av Storbritannia, som hadde fungert som meklingsmann mellom Fredrik den store av Preussen og Maria Teresia av Austerrike over den prøyssiske erobringa av Schlesien i desember 1740, til å trekke garantiane sine for militær støtte for den pragmatiske sanksjonen. Dette førte Frankrike og Spania, som støtta Preussen, ut i krigen mot det no isolerte Austerrike.[18]

Kjelder endre

  1. Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s.25-27
  2. Gooch's Regiment of Marines, fire bataljonar.
  3. Tobias George Smollett, David Hume, History of England, Vol. II, London, 1848, s. 391
  4. Francis Russel Hart, Admirals of the Caribbean, Boston, 1922, s. 146.
  5. Duncan, Francis. History of the Royal Regiment of Artillery, London, 1879, Vol.1, s.123
  6. Francis Russel Hart, Admirals of the Caribbean, Boston, 1922, s.151.
  7. David Hume, The History of England, London, 1825, s.108-113
  8. Reed Browning The War of the Austrian Succession, New York, 1993 ISBN 0-312-12561-5, s.21.
  9. Robert Beatson, Naval and Military Memoirs of Great Britain, from 1727 to 1783, London, 1804, Appendix s. 17
  10. Bruce Ruiz. «Admiral Vernon and Portobello». Panama History.com. 
  11. Reed Browning The War of the Austrian Succession, New York, 1993 ISBN 0-312-12561-5, s. 22
  12. Cartagena, Caribbean Jewel - New York Times
  13. David Hume, The History of England, London, 1825, s.109
  14. Eduardo Lemaitre (1998). Breve Historia de Cartagena. Medellin: Editorial Colina. 
  15. Douglas Ford, Admiral Vernon and the Navy: A Memoir og Vindication, London, MCMVII, s.153.'
  16. Facts stranger than fiction: the story of Don Blas de Lezo
  17. Pablo Victoria (2005). El día que España derrotó a Inglaterra : de cómo Blas de Lezo, tuerto, manco y cojo, venció en Cartagena de Indias a la otra "Armada Invencible". Barcelona: Áltera. ISBN 84-89779-68-6. 
  18. Reed Browning, The War of the Austrian Succession, New York, 1993 ISBN 0-312-12561-5, s.58-66

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slaget ved Cartagena de Indias