Slaget ved Sainte-Foy
46°47′59″N 71°13′15″W / 46.79972°N 71.22083°W
| ||||||||||||||||||||||||||||||
|
Slaget ved Sainte-Foy, stundom kalla Slaget ved Quebec, vart utkjempa 28. april 1760 nær den britisk-haldne byen Quebec i den franske provinsen Canada under sjuårskrigen (kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika). Det vart ein siger for franskmennene under Chevalier de Lévis over den britiske armeen under General Murray. Slaget var langt blodigare enn Slaget ved Abrahamslettene september året før med tap på 833 mann for franskmennene og 1124 for britane. Det var den siste franske sigeren i den franske og indianske krigen.
Britane hadde noko suksess i starten, men framrykkinga kamuflerte artilleriet deira, medan infanteriet deira sette seg fast i gjørma og snøfonner som smelta no seint på våren. Slaget vart til ein to timar lang nærkamp der franskmennene til slutt klarte å få overtaket etter kvart som fleire franskmenn kom til og tok den britiske flanken. Murray forstod at han hadde gjort feil og trekte britane tilbake til Quebec utan kanonane, som Lévis så vendte mot byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Brumwell, Stephen. Redcoats: The British Soldier and War in the Americas, 1755-1763. NY: Cambridge University Press, 2002. ISBN 0-521-80783-2
- Chartrand, Rene (2000). Canadian Military Heritage. Casemate Publishing. ISBN 2920718517. Arkivert frå originalen 10. oktober 2006. Henta 12. november 2010.