Opna hovudmenyen

Omleiringa av Louisbourg i 1758

Denne artikkelen handlar om slaget i 1758 under sjuårskrigen (den franske og indianske krigen). For omleiringa under den austerrikske arvefølgjekrigen, sjå omleiringa av Louisbourg i 1745.
Omleiringa av Louisbourg
Del av den franske og indianske krigen
British burninng warship Prudent and capturing Bienfaisant. Siege of Louisbourg 1758. Maritime Museum of the Atlantic, M55.7.1.jpg
Omleiringa av Louisbourg (1758): Britane brenn krigsskipet Prudent og dei erobrar Bienfaisant.
Dato 8. juni–26. juli 1758
Stad Louisbourg, dagens Nova Scotia, då den franske provinsen Ile-Royale
Resultat Avgjerande britiske siger[1][2]
Partar
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Red Ensign of Great Britain (1707-1800).svg Britisk Amerika
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Det britiske flagget Jeffrey Amherst
Det britiske flagget Edward Boscawen
Det britiske flagget James Wolfe
Flagget til Frankrike Chevalier de Drucour #
Styrkar
14 000 soldatar
12 000 sjømenn
150 transportfartøy
40 men-o-war
3 500 soldatar
3 500 sjømenn
5 linjeskip
Tap
172 drepne
355 skadde[3]
102 drepne
303 skadde
6600 overgav seg[3]
4 linjeskip i brann, 1 erobra
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Omleiringa av Louisbourg var eit avgjerande slag i sjuårskrigen (i USA kalla den franske og indianske krigen) i 1758 som enda den franske kolonitida i Dei atlantiske provinsane og førte direkte til at dei tapte Quebec i 1759 og resten av Fransk Nord-Amerika året etter.

BakgrunnEndra

Den britiske regjeringa skjønte at med festninga Louisbourg på franske hender, vart det ikkje mogeleg for Royal Navy å segle ned St. Lawrence River for å angripe Quebec. Etter at ekspedisjonen mot Louisbourg i 1757 leia av Lord Loudon måtte snu på grunn av kraftig fransk motstand til sjøs, prøvde britane på ny, leia av William Pitt igjen med nye kommandantar.

Pitt gav ansvaret for å erobre festninga til generalmajor Jeffrey Amherst. Brigaderane til Amherst var Charles Lawrence, James Wolfe og Edward Whitmore og kommandoen over marineoperasjonane vart gjeven til admiral Edward Boscawen. Sjefsingeniør var John Henry Bastide som var til stades under den første omleiringa av Louisbourg i 1745 og hadde vore sjefsingeniør ved Fort St Philip på Menorca i 1756 då britane overgav fortet og øya til franskmennene etter ei lang omleiring.

Som dei hadde gjort det i 1757, planla franskmennene å forsvare Louisbourg med å forsterke marinen i området. Men den franske flåten som skulle segle ut frå Toulon vart blokkert ved Cartagena av ein britisk styrke og vart slått ved slaget ved Cartagena. Etter det gav franskmennene opp forsøket på å forsterke Louisbourg frå Middelhavet, og meinte at det ville få få skip tilgjengeleg til å gje britane motstand.

FørebuingarEndra

 
Kart over Louisbourg (1758)

Dei britiske styrkane samla seg ved Halifax på Nova Scotia der armeane og marinen var det meste av mai for å trene i lag. Den 29. mai la Royal Navy ut frå Halifax mot Louisbourg. Flåten bestod av 150 transportskip og 40 men-of-war. På skipa var nesten 14 000 soldatar, og nesten alle var frå den ståande hæren (utanom fire kompani med amerikanske kommandosoldatar). Styrkane vart delte inn i tre divisjonar: Red, kommandert av James Wolfe, Blue, kommandert av Charles Lawrence og White kommandert av Edward Whitmore. Den 2.juni ankra den britiske styrken opp i Gabarus Bay, 4,5 km frå Louisbourg.

Den franske kommandanten (og guvernøren i Île Royale) Chevalier de Drucour hadde om lag 3500 soldatar, samt 3500 sjømenn frå dei franske krigsskipa i hamna. Men i motsetnad til tidlegare år, klarte dei ikkje å forsterke den franske marinen, og den franske skvadronen ved Louisbourg var kraftig i undertal. Drucour gav ordre om å grave grøfter.

OmleiringaEndra

 
Festninga i dag, sett frå hamna

Vêrtilhøva den første veka av juni gjorde det umogeleg å gå i land og britane klarte berre å bombardere dei improviserte forsvarsverka i Gabarus Bay frå ein fregatt. Vêret betra seg og ved daggry den 8. juni sette Amherst i gang åtaket med ein flotilje av små båtar, organisert i tre divisjonar, kvar kommandert av brigaderane hans. Det franske forsvaret klarte seg i starten godt og etter store tap, gav Wolfe ordre om tilbaketrekking. Men i siste augneblink fann ein båt med lette infanteristar ei berglendt vik, som dei franske kanonkulene ikkje kunne nå og dei klarte å sikre eit nes på stranda. Wolfe sende resten av divisjonen sin etter. Omgått i flanken trekte franskmennene seg raskt tilbake til festninga.

Vedvarande tung sjø og vanskar med å flytte det tunge omleiringsutstyret over det myrlendte terrenget forseinka fortsetjinga av omleiringa. I mellomtida hadde Wolfe sendt 1220 handplukka mann rundt hamna for å ta fyret, som ruva over inngangen til hamna. Dette gjorde han 12. juni. Etter elleve dagar, den 19. juni, var dei britiske artilleribatteria på plass og dei fekk ordre om å opne eld mot franskmennene. Det britiske batteriet bestod av sytti kanonar og bombekastarar i alle storleikar. I løpet av timar hadde kanonane øydelagd murar og fleire bygningar.

Den 21. juli klarte ein britisk bombekastar frå fyrneset å treffe eit fransk skip med 74 kanonar, L'Entreprenant og sette det i brann. Kraftig vind gjorde at flammane tok tak i to andre franske skip. L'Entreprenant eksploderte seinare på dagen og franskmennene hadde mista det største skipet dei hadde ved Louisbourg.

Den neste store slaget mot den franske moralen kom kvelden 23. juli, rundt kl. 22. Eit britisk skot sette King's Bastion i brann. King's Bastion var hovudkvarteret i festninga og den største bygningen i heile Nord-Amerika i 1758. Dette reduserte moralen til franskmennene og håpet dei hadde om å stoppe den britiske omleiringa.

Dei fleste historikarane reknar dei britiske handlingane den 25. juni som avgjerande. I ly av tjukk tåke sendte admiral Boscawen eit lag for å fjerne naglar og øydeleggje dei franske skipa i hamna. Britane øydela dei siste to franske linjeskipa og erobra Bienfaisant og sette Prudent i brann. Dermed kunne Royal Navy segle inn i hamna. James Cook, som seinare vart ein kjend utforskar, tok del i denne operasjonen og skreiv om det i loggboka til skipet hans.[4]

KapituleringaEndra

Den 26. juli overgav franskmennene seg. Dei hadde kjempa lenge og franskmennene venta å få «krigsære», som dei hadde gjeve dei overgjevande britane etter slaget ved Menorca. Amherst godtok derimot ikkje dette på grunn av sogene om massakren dei franske allierte indianarane hadde utført mot dei britiske overlevande etter Fort Oswego og Fort William Henry. Franskmennene måtte gje frå seg alle våpen, alt utstyr og flagg. Dette gjorde Drucour rasande, men for å sikre tryggleiken til dei sivile i Louisbourg aksepterte han motvillig vilkåra. Regimentet Cambis nekta å godta vilkåra og braut muskettane sine og brende flagga i staden for å gje dei til britane.[5]

EtterverknadEndra

 
Allegori etter fallet til Louisbourg

Louisbourg hadde halde ut lenge nok til å hindre eit åtak mot Quebec i 1758. Men sidan festninga hadde falle tapte franskmennene områda sine i Dei atlantiske provinsane. Frå Louisbourg brukte britane resten av året på å fjerne franske styrkar og busetnader i det som i dag er New Brunswick, Prince Edward Island og Newfoundland. Franskmennene dreiv alle dei franske innbyggjarane tilbake til Frankrike.[6] og øydela alle dei franske busetnadane i regionen. Ein del klarte derimot å rømme til dei indre områda. Utan Louisbourg, hadde ikkje lenger Quebec og Ny-Frankrike nokon til å verne seg til sjøs, og Saint Lawrence vart opna for åtak. Louisbourg vart i 1759 nytta som utgangspunkt for general Wolfe og den kjende omleiringa av Quebec som enda det franske styret i Nord-Amerika. Etter å ha overgjeve Quebec, øydela dei britiske styrkane og ingeniørane festninga med eksplosiv, slik at franskmennene ikkje kunne ta ho tilbake att. I 1760 var heile festninga redusert til ein grushaug. I 1763 underteikna Frankrike Paris-traktaten og avstod då Canada, inkludert Cape Breton Island, til britane.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Louisbourg (1758)» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Anderson, Fred. Crucible of War (2000) pp 250-256
    • Brumwell, Stephen. Paths of Glory: The Life and Death of General James Wolfe. Hambledon Continuum, 2007 ISBN 1847252081
    • Chartrand, Rene Louisbourg 1758
    • Hough, Richard. Captain James Cook: a biography. Hodder & Stoughton, 1995
    • Fowler, William M. Empires at War: The French and Indian War and the Struggle For North America. Vancouver: Douglas & McIntyre Ltd., 2005
    • Hitsman, J. McKay og C.C.J. Bond. "The Assault Landing at Louisbourg, 1758," Canadian Historical Review (1954) 35:314-330.
    • A.J.B. Johnson, Endgame 1758:The Promise, the Glory and the Despair of Louisbourg's Last Decade, Sydney, NS: Capre Breton University Press, 2008
      • J.S. McLennan, Louisbourg: From its Founding to its Fall av Macmillian og Co. Ltd London, UK 1918
  • Warner, Oliver. With Wolfe to Quebec. Toronto: William Collins Sons og Company Ltd., 1972 ISBN 0002119420
  1. New France was doomed, Chartrand s.84
  2. Brumwell s.158
  3. 3,0 3,1 Chartrand p.81
  4. Hough s.21
  5. Fowler, s. 171
  6. A.J.B. Johnson, Endgame 1758 (2008), s. 279