Slaget ved Fort Bull
| ||||||||||||||||||||||||||||
|
Slaget ved Fort Bull var eit fransk åtak på det britiske Fort Bull den 27. mars 1756, tidleg i den franske og indianske krigen.
Løytnant Gaspard-Joseph Chaussegros de Léry leia styrkane som bestod av Troupes de la Marine, kanadiske militssoldatar og allierte indianarar i eit åtak på Fort Bull den 27. mars 1756. I ly av trea sneik deg seg heilt inn til 100 meter frå fortet. Léry gav ordre om å ta fortet med bajonettar. Dei stakk muskettane sine inn gjennom dei smale opningane i fortet og skaut forsvararane. Léry bad dei stadig om å overgje seg. Til slutt kom dei seg inn porten og franskmennene og indianarane strøymde inn og tok livet av alle dei såg. Dei franske soldatane stal det dei kunne og sette krutmagasina i brann. Fortet vart brenn ned til grunnen.
Bakgrunn
endreEtter at britane ikkje hadde lukkast med feltoget sitt i 1755, vart ei rekkje fort langs Mohawk River opp til Lake Ontario forsterka med garnisonar gjennom vinteren 1755–1756. Den største garnisonen vart verande i Fort Oswego, i enden av rekkja, og var avhengig av dei andre for å få forsyningar. To fort låg på kvar side av Oneida Carry (dagens Rome i New York) og var nøkkelen i forsyningslinja. Fort Williams ved Mohawk var det største av dei to, medan Fort Bull, fleire kilometer nord for Fort Williams ved Wood Creek, ikkje var noko særleg med enn ein palisade rundt nokre lagerbygningar. Fort Bull hadde ein liten garnison med menn under William Bull og her var lagre store mengder krut og ammunisjon, som skulle nyttast i felttoga i 1756.[1]
Tidleg i 1756 valde dei franske militære leiarane i Canada å sende ein ekspedisjon for å angripe forsyningslinja til Oswego. Den 12. mars sette kompani ut frå Fort de La Présentation og gjekk over land til Oneida Carry. Under løytnant Gaspard-Joseph Chaussegros de Léry, ein kanadisk-fødd seigneur, bestod styrken av 84 troupes de la Marine, 111 kanadiske militssoldatar og 110 innfødde, hovudsakleg irokesarar. Etter neste to veker med ei vanskeleg vinterreise, nådde dei staden den 24. mars.
Slaget
endreTidleg 25. mars tok mennene til Léry tolv britiske menn til fange nær Fort Bull, medan andre rømde og sprang mot Fort Williams. Frå fangane lærte franskmennene om det svake forsvaret til Bull og valde å gå til åtak med ein gong. Utan feltkanonar var det berre mogeleg å storme fortet i eit overraskingsåtak. Mennene i fortet klarte akkurat å lukke porten får dei franske styrkane nådde fram. Angriparane klarte å skyte gjennom små hol i veggane, som svarte med å kaste stein og granatar over veggane. Då Bull nekta å overgje seg, vart porten riven ned med økser og angriparane storma fortet. Nesten heile den vesle garnisonen vart drepen og skalpert. Franskmennene sette så fortet i brann og mellom anna gjekk 45 000 pund krut opp i lufta. Heile fortet vart øydelagd.[2]
Etterverknad
endreEin stjerneforma palisade av tre med fire indre bygningar vart bygd frå mai til august 1756 som Fort Wood Creek. Fort Wood Creek vart øydelagd av britane i august 1756 då ein fekk rapportar om at franskmennene igjen var på veg. Forsyningane som gjekk tapt i Fort Bull øydela dei britiske planane om å ta dei franske forta langs Lake Ontario og kan ha medverka til at franskmennene tok Fort Oswego i august 1756.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Battle of Fort Bull» frå Wikipedia på engelsk, den 12. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Hagerty, Gilbert (1971), Massacre at Fort Bull: The De Léry Expedition Against Oneida Carry, 1756, Providence, RI: Mowbray Company
- Leonard, Peter (2007), Rome Revisited, Charleston: Arcadia, ISBN 9780738555348
- Parkman, Francis (1962), Montcalm and Wolfe, New York: Collier Books