Saul Hudson (fødd 23. juli 1965), betre kjend under artistnamnet Slash, er ein engelsk-amerikansk musikar og låtskrivar.[1] Han er mest kjend som sologitaristen i det amerikanske hardrockbandet Guns N' Roses, som han fekk stor suksess med verda over seint i 1980- og tidleg i 1990-åra. I dei seinare åra med Guns N' Roses, skipa Slash sideprosjektet Slash's Snakepit. Etter han slutta i Guns N' Roses i 1996, var han med å starte supergruppa Velvet Revolver i midten av 2000-åra. Slash har gjeve ut tre soloalbum: Slash (2010), med ei rekkje gjestemusikarar, Apocalyptic Love (2012) og World on Fire (2014), spelt inn med bandet hans Myles Kennedy and the Conspirators. Han kom attende til Guns N' Roses i 2016.

Slash

Fødd23. juli 1965 (58 år)
FødestadHampstead
AliasSlash
OpphavStorbritannia, USA
Aktiv1981–
Sjangerhardrock, tradisjonell metal, bluesrock, Puddelrock
Instrumentgitar
Tilknytte artistar
PlateselskapEagle Rock Entertainment, Geffen Records, RCA Records, Roadrunner Records, EMI
Verka sommusikar, gitarist, musikkprodusent
MorOla Hudson
FarAnthony Hudson
Gift medPerla Ferrar
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Slash har fått mykje hyllest i musikkpressa og vert rekna som ein av dei beste rockegitaristane. Magasinet Time kåra han i 2009 til nest beste gitaristen på lista si over dei ti beste elektriske gitaristane,[2] medan Rolling Stone sette han på 65. plassen på Topp 100-lista si over dei dei beste gitaristane gjennom tidene i 2011.[3] Guitar World rangerte gitarsoloen hans i «November Rain» som den sjette beste gitarsoloen gjennom tidene i 2008,[4] og Total Guitar kåra riffet hans i «Sweet Child o' Mine» til det beste gitarriffet gjennom tidene i 2004.[5] I 2010 rangerte Gibson Guitar Corporation Slash på 34. plassen på lista si over dei 50 beste gitaristane.[6] I 2012 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av den klassiske besetninga i Guns N' Roses.

Diskografi endre

Slash med Myles Kennedy & The Conspirators endre

Med Guns N' Roses endre

Med Slash's Snakepit endre

Med Velvet Revolver endre

Kjelder endre

Litteratur
Fotnotar
  1. «Slash information page». www.slashparadise.com. 10. november 2012. Arkivert frå originalen den 2. juli 2012. 
  2. Tyrangiel, Josh (14. august 2009). «The 10 Greatest Electric Guitar Players». Time. Arkivert frå originalen den 5. mai 2011. Henta 6. juni 2018. 
  3. «100 Greatest Guitarists». Rolling Stone. 23. november 2011. Arkivert frå originalen den 2. november 2016. Henta 6. juni 2018. 
  4. «The 100 Greatest Guitar Solos: 6) «November Rain» (Slash)». Guitar World. 14. oktober 2008. Arkivert frå originalen 29. april 2011. Henta 29. april 2011. 
  5. «The 100 Greatest Riffs». Total Guitar. June 2004. Arkivert frå originalen den 2. april 2012. Henta 29. april 2011. 
  6. «Gibson.com Reveals Top 50 Guitarists, Plus Readers Poll Results» (på engelsk). Gibson.com. 28. mai 2010. Arkivert frå originalen den 25. juli 2016. Henta 28. juli 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Slash