Slengesol

(Omdirigert frå Slengeshol)

Slengesol eller Slengeshol[3] er ein gard i Dalsbygda i Gulen kommune i Vestland fylke. Slengesol har matrikkelnummer 50 i Gulen.[4]

Slengesol
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5960 DALSØYRA[1]
Gardnummer 50
Ferdselsårer Kommunal veg
frå 57[2]
Kart
Slengesol
60°56′06″N 5°10′27″E / 60.935°N 5.17416667°E / 60.935; 5.17416667

Geografi

endre

Garden ligg ved ein sideveg til den kommunale vegen mellom Dalsøyra og Norddal, ca. to og ein halv kilometer frå sjøen. Tuna ligg i ei bratt li 109 moh., oppom gardane Dale og Nerdal.[4]

Historie

endre

«Maadelig Kornart, tungvunden, men god Udmark.»
«Intet uden hvad af Qvæget erhverves.»

Or opplysningane til matrikkel i 1723
Ivar Kleiva: Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga

Garden er truleg skilt ut frå nabogarden Dale etter innføringa av kristendommen.[4]

1667-matrikkelen

endre

I 1667 var skulda til garden 1½ laup og ½ pund smør. Dei hadde 28 naut og to hestar, og det vart sådd ut fem tønner korn, som gav 20 tønner i avling.[4][5]

1723-matrikkelen

endre

I 1723 hadde garden tre bruk, men ingen husmenn. Skulda var no 1½ laup smør, og garden hadde verken støl eller skog, men dei hadde to flaumkverner. Av buskap hadde dei 18 kyr, 8 ungnaut, 18 sauer og to hestar. Det vart sådd ut seks tønner korn og hausta inn 21 tønner. Garden var eigd av stiftamtskrivar Svanehjelm og Gjertrud de Fine som eigde halvdelen kvar.[4][5]

Utskifting

endre

Utskiftinga mellom bruka skjedde i fleire vender frå 1832 til 1900.[4]

Veg, straum og telefon

endre

Slengesol fekk køyreveg i 1928, elektrisk straum i 1945 og telefon i 1954.[4]

Stølar

endre

Slengesolstølen høyrer til garden, i 1930 hadde bruk ein og tre støl saman, medan bruk to hadde eigen.[6] Eigaren av bruk to hadde vøle på stølshuset i 1994.[4]

Namnet Slengesol har ikkje vorte sikkert tyda, men Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at namnet kan vere kome av ei samansetjing av dei gamalnorske orda «sleidn», som tyder slakk li eller bakke, og «holl», som tyder rundvoren haug.[4] Oluf Rygh drøftar etymologien til namnet, men gav ikkje noko sikker tyding av namnet i Norske Gaardnavne.[7] I kjelder er desse skrivemåtane registrerte: «Slengesoll (1563), «Slenngesol (1567), «Slengezuld» (1610), «Slengesoell» (1620 og 1667), «Slengsol» (1723) og «Slengessold» (1823).[4]

Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Slengesol» i 1974 og «Slengeshol» i 1985.[3]

Når gardsnamnet vert nytta som slektsnamn plar det skrivast «Slengesol».

Gardsnamnet Slengesol er ikkje kjent frå andre stader i landet.

Kjelder

endre
  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 1. november 2010. 
  2. «Nasjonal vegdatabank». Henta 3. november 2010. 
  3. 3,0 3,1 «yr.no». Henta 1. november 2010. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 Ivar Kleiva (1996). «Slengsol». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga II (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 148. 
  5. 5,0 5,1 Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5.  [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  6. «Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010. 
  7. «Om Slengesol hjå Rygh på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre
Vidare lesnad
  • Ivar Kleiva: «Slengsol» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band ll, side 148-160.