For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Schleswig i Iowa.


Schleswig (dansk Slesvig, latin Sliaswig, nedertysk Sleswig) er hovudby i landkrinsen Kreis Schleswig-Flensburg (Slesvig-Flensborg) nord i Schleswig-Holstein ved fjorden Schlei (Slien). Fjordnamnet inngår i bynamnet, som kjem av dansk og tyder 'vika ved Slien'.

Schleswig
Symbol
Land  Tyskland
Region Schleswig-Holstein
Distrikt Schleswig-Flensburg
Areal 2 430 km²
Folketal 24 237
Folketettleik 997 / km²
Postnummer 24837
Kart
Schleswig
54°30′55″N 9°34′11″E / 54.515277777778°N 9.5697222222222°E / 54.515277777778; 9.5697222222222
Schleswig i Tyskland
Schleswig i Tyskland
Schleswig i Tyskland
Wikimedia Commons: Schleswig
Nettstad: www.schleswig.de

Geografi endre

Klima endre

Vêrdata for Schleswig
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 3,2 3,8 7,1 12 16,5 19,1 21,5 21,4 17,6 12,7 7,5 4,4 12,2
Døgnmiddeltemperatur °C 1 1,5 4 7,8 11,9 14,8 17,1 17,1 13,9 9,7 5,2 2,3 8,9
Gjennomsnittleg min °C −1,1 −0,9 0,9 3,5 7,2 10,4 12,7 12,7 10,2 6,7 2,9 0,2 5,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 82,3 56,3 60,8 42,8 58,2 80,2 92,6 89,8 83,1 97 79,8 86,2 909,1
Kjelde: Weather and climate in Schleswig


Historie endre

Byen voks fram på nordsida av fjorden etter at vikinghandelsplassen Hedeby vart oppløyst kring 1050. Byen mista allereie i tidleg i mellomalderen statusen som handelsby til Lübeck. Trass i dette hadde byen høg politisk og religiøs status, som hovudby i regionen Slesvig. Fleire gonger vart det bygd ut forsvarsverk med borg og bymur, seinast med Gottorp Slot, som samstundes var sete for hertugane av hertugdømet Slesvig (Herzogtum Schleswig). Domkyrkja i byen, Schleswiger Dom (Sankt Petri kirke), vart bygd i i tida frå 1100-talet til 1400-talet.

Domkyrkja har frå slutten av 1800-talet hatt det høgaste kyrkjetårnet nord i Tyskland. I og ved kyrkja er det ymse gravmonument og minne om dansk-tysk samband. Kong Niels av Danmark skal vera gravlagd i kyrkja. Det finst eit dansk mindretal i Schleswig, og i byen finst det ymse lag der danskar samlar seg.

Etter den andre slesvigske krigen i 1864 vart styringa av Slesvig teke over av Preussen. Danmark måtte avstå Holstein, Lauenburg og heile hertugdømet Slesvig, slik at den dansk-tyske grensa gjekk ved Kongeå. Etter første verdskrig var det ei folkerøysting i 1920. Etter folkerøystinga vart Nord-Slesvig ein del av Danmark, medan Sør-Slesvig med byen Schleswig vart ein del av Schleswig-Holstein i Tyskland.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre