Ein slupp er ei lita seglskute, oftast med éi todelt mast med gaffelrigg og tre stagsegl. Han har permanent baugspryd, og kan ha klyverbom. Ein slupp er svært lik ei jakt, men ein slupp har skøyt mast, medan ei jakt har pålemast[1]. Ein annan skilnad er at jakta har rorstammen på akterspegelen, medan på sluppen kjem rorstammen opp gjennom eit opphøgd og forlenga skansedekk[2].

Tradisjonell slupp

Sluppen vart i store trekk bygd og rigga som ein kutter, men var mindre enn denne. I distriktet Sunnhordland / Hardanger vart òg ordet slupp nytta om fartøy som vart rigga med to master — såkalla «topinna sluppar». Dei tidlege sluppane hadde berre éi mast, men etterkvart som dei vart nytta i nordsjøfiske vart alle bygde eller rigga med to master. Nokre få var rigga med «stengerigg», todelt mast som kunne takast ned, og klyverbom som kunne takast inn. Dei eldre sluppane kunne ha opptil fire råsegl, men i seinare tid var det vanleg med éi breifokk, og nokre få eksemplar hadde rå-toppsegl. Seinare vart mesta alle rigga med «pålemast». Seinare, når motor vart vanleg, endra nemninga seg til kutter eller motorkutter.

Sluppen «Restauration», men kaptein Lars Olsen Helland, som i 1825 sette ut frå Stavanger med emigrantar til Amerika var ein slupp[2].

Slupp blir òg bruka i sjømilitær terminologi og er der eit omgrep for ein mindre skipsbåt (eventuelt med motor) for personbefordring. Ein slupp er mindre og lettare enn ein barkasse.

Referansar endre

  1. Gøthesen, G., Norske båter, bind II: Norskekystens fraktemenn, Grøndahl, 1980.
  2. 2,0 2,1 J. Winge, Trebåter - Norsk kulturhistorie på sjøen, Schibsted forlag, 2002.