Småtjønnaks (Potamogeton berchtoldii) er ei plante i tjønnaksslekta i tjønnaksfamilien.[1] Arten er sirkumpolar.[2]

Småtjønnaks
Småtjønnaks
Småtjønnaks
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vassgroordenen Alismatales
Familie: Tjønnaksfamilien Potamogetonaceae
Slekt: Tjønnaksslekta Potamogeton
Art: Småtjønnaks P. berchtoldii
Vitskapleg namn
Potamogeton berchtoldii

I Noreg er arten heimleg på grunt, næringsrikt og ofte ureina vatn. Arten veks over heile landet.[2] I Raudlista 2021 er arten rekna som livskraftig (LC).[3]

Det er registrert ein hybrid med butt-tjønnaks (P. berchtoldii × P. obtusifolius) i Rakkestad i Østfold. Hybriden med granntjønnaks (P. berchtoldii × P. pusillus) er registrert frå Akershus og Klepp på Jæren.[2]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Småtjønnaks». Artsdatabanken. Henta 21. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 178. 
  3. «Raudlista: Småtjønnaks». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 21. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre