62°19′11″N 09°16′03″E / 62.31972°N 9.26750°E / 62.31972; 9.26750

Denne artikkelen handlar om fjellet i Noreg. For fjellet i Antarktis, sjå Snøhetta i Dronning Maud Land.
Snøhetta
fjell
Snøhetta sett frå sør-aust
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Dovre
Fjellområde Dovrefjell
Høgd 2 286 moh.
Primærfaktor 1 675 m
Førstestiging Jens Esmark
 - dato 1798
Kart
Snøhetta
62°19′12″N 9°16′06″E / 62.32°N 9.2683333333333°E / 62.32; 9.2683333333333
Wikimedia Commons: Snøhetta

Snøhetta (2286 moh.) ligg i Dovre kommune og er det høgaste fjellet i Noreg utanom Jotunheimen og det 32. høgaste i landet. Det finst fleire ruter til toppen, dei tek omtrent fem timar og er så lette at ein òg kan ha barn med seg. Det er òg lett å nå Vesttoppen (2253 m), medan resten av massivet krev klatring. Traversen mellom hovudtoppen og Vesttoppen er ein klassisk klatretravers. DNT-hyttene Reinheim, Snøheim og Åmotdalshytta ligg på kvar si side av fjellet.

Fjellet har ein primærfaktor på 1675 meter, noko som er tredje størst i landet.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre