Snøklokkelauk (Allium paradoxum) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten er kjend frå Kaukasus og Irak.[2]

Snøklokkelauk
Snøklokkelauk
Snøklokkelauk
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Snøklokkelauk A. paradoxum
Vitskapleg namn
Allium paradoxum

Arten er ein framandart som blir dyrka som prydplante, men det er uvisst om han har vore dyrka i Noreg. Han er etablert i Danmark og Sverige og vil kunne klare seg i vintermilde strøk i Noreg. Arten blir rekna som ein dørstokkart, og i Framandartslista 2023 er han registrert med låg risiko (LO).[2]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Snøklokkeløk». Artsdatabanken. Henta 12. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 «Fremmedartslista 2023: snøklokkeløk Allium paradoxum (M.Bieb.) G.Don». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre