Snøveronika
Snøveronika, underarten fjellveronika
Snøveronika, underarten fjellveronika
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Snøveronika V. alpina
Vitskapleg namn
Veronica alpina

Snøveronika (Veronica alpina), tidlegare og ofte framleis kalla fjellveronika, er ei fjellplante som veks på fuktig mark. Ho er å finne på enger, ved snølege og ved bekkar, og blomstrar kring juni månad. Planta har ei amfi-atlantisk utbreiing.

Dei små blomane er mørkeblå av farge. Dei er samla i ein liten klase i toppen av stengelen, som er opprett frå ein kort krypande del. Fjellveronika har ovale, heile motsette blad som oftast er glatte.

Frukta er ein kapsel. Ved mogning vert både kapselen og heile fruktstanden blå.

Snøveronika er heimleg og nokså vanleg i alle fjellstrøk i Noreg. Planta er funnen opp til over 1900 m.o.h. i Jotunheimen.[1] Planteslekta har namn etter helgenen Veronika.

Slektskap og namn endre

Arten har to underartar i Noreg:[2]

Det har vore mykje fram og attende med namngivinga av arten og underartane. Tidlegare rekna ein dei to underartane som separate artar, fjellveronika (V. alpina) og høgfjellsveronika (V. pumilla).[4] Då ein slo dei saman til ein art, vart dei to namna knytte til underartane, medan sjølve arten ikkje fekk noko norsk namn.[5] Etter kvart vart namnet fjellveronika knytt til arten, medan nominatunderarten vart kalla vanleg fjellveronika.[6] Som ein konsekvens av at Artsdatabanken no prinsipielt bruker separate namn på ulike taksonomiske nivå, har ein valt å kalle arten snøveronika, eit namn som førebels er lite innarbeidd.[1][2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabanken: Namnetre snøveronika». Artsdatabanken. Henta 28. februar 2023. 
  3. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2023. 
  4. Johannes Lid (1985). Norsk, svensk, finsk flora (5. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 435. ISBN 82-521-2207-8. 
  5. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 538-539. ISBN 82-521-3754-7. 
  6. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 697-698. ISBN 978-82-521-6029-1. 
  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
  • Leif Ryvarden (red.) Norges planter 2. Oslo 1993