Veronika
- Sjå òg planteslekta Veronica
Veronica og Veronika er latinske kvinnenamn, truleg med opphav i det greske Berenike, 'sigersbringande'. Namnet er også blitt tolka som ei samansetjing av vera, 'sant' og icon, 'bilete'. Forklaringa passar med soga om den heilage Veronika, som skal ha fått ei avbilding av Jesus på ein duk ho tørka blodet hans med.
Veronika har norsk namnedag den 4. februar, som er den katolske helgendagen for Veronika. I Sverige er namnedagen den 30. mai.
Bruk
endreNamnet er utbreidd i ei rekke land med kristenkulturell bakgrunn, som Tsjekkia, der 1,49 % av kvinnene heitte Veronika i 2006, og Chile, der 0,98 % heitte Veronica i 2005.
I Noreg blei namnet mest brukt mellom 1975 og 1995, då bruken for Veronica låg på rundt 0,3-0,5 %, medan Veronika blei brukt av rundt 0,10-0,15 %. I 2009 heitte 3545 Veronica og 1276 Veronika.
Kjende namneberarar
endre- Veronica Lake (1922–1973), amerikansk filmskodespelar
- Verónica Michelle Bachelet Jeria (f. 1951), chilensk president
- Veronica Guerin (1958-1996), irsk journalist
- Veronica Campbell-Brown (f. 1982), jamaicansk friidrettsutøvar
Annan bruk
endreVeronika er òg namnet på blomar i planteslekta Veronica, som bergveronika eller tviskjeggveronika.
Verónica er namnet på ein by i Argentina.
«Veronica» er namnet på ein song frå 1989 av Elvis Costello.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Veronika» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Veronika hjå Statistisk Sentralbyrå