Snegle-Halle
Snegle-Halle (norrønt: Sneglu-Halli) var ein islandsk skald som levde omkring midten av 1000-talet.
Liv og skaldskap
endreSnegle-Halle kom frå ei fattig familie frå Fljotar (Fljót) i nærleikan av Svarfadardalen (Svarfaðardalur) på Island. (Begge skaldane Tjodolv Arnorsson og Bolverk Arnorsson kom frå den same staden.) Tilnamnet hans, «sneglu»[Note 1] hadde truleg samanheng med at han var høg av vekst, med lang hals og smal over skuldrene. Han vart òg kalla Graut-Halle (Grautar-Halli) fordi han skal ha vore særs glad i graut[Note 2].
Omkring 1053 kom han til kong Harald Hardråde i Noreg og vart hirdmannen hans. Han reiste på handelsferd til Danmark og deretter reiste han til England, der skal han gjort ei dråpa[1] til kong Harald Godwinson[Note 3]. Seinare kom han attende til kong Harald i Noreg, og stutt tid etter reiste han heim til Island, der han døydde noko før 1066.
I samtida vart han rekna som ein god skald og han skal ha hatt lett for å dikte. Han skal ha vore særs frittalande, slagferdig og djerv i si framferd og hadde ei sjeldan evne til å more andre, noko som kong Harald oftast (ikkje alltid) tykte om. Han kunne òg vere nokså grovkorna, slik som i dette diktet (vers nr 10 i lausaviser), som han gjorde om dronning Tora - etter oppfordring frå kong Harald:
|
|
I Skaldatal[2] er Snegle-Halle ført opp som skald hos kong Harald Hardråde. Han skal ha gjort Kollevisa (Kolluvísur) som var eit kvad om kyrne han gjætte på Island, ei dråpa[1] om kong Harald, og diktet om den engelske kongen, men ingen av dei er bevart. Desse dikta av han, er kjende:
Opplysningar om livet til Snegle-Halle, finn ein i islendingesoga «Tåtten om Snegle-Halle» som finst i to versjonar, ein i Morkinskinna[5] og ein utvida i Flatøybok[6].
Kjelder og utfyllande opplysningar
endreNotar
endre- ↑ Det norrøne ordet Snegla, tyder sped eller veik kar.
- ↑ I islendingesoga «tåtten om Snegle-Halle» blir det fortalt at han døydde medan han sat og åt graut. Då kong Harald fekk dødsbodet, skal han ha sagt: «På grauten må stakkaren ha sprengt seg» (Á grauti mundi greyið sprungið hafa).
- ↑ Harald Godwinson var konge i England frå januar 1066, til han fall i slaget ved Hastings i oktober 1066. Før han, var Edvard vedkjennaren konge. Kronologien i soga til Snegle-Halle tilseier at enten var det hos kong Edvard han var, eller så må han ha vitja Harald Godwinson før han vart konge.
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 dråpa Store norske leksikon
- ↑ Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
- ↑ Lausaviser av Snegle-Halle (Skaldic Project)
- ↑ Fragment av Snegle-Halle (Skaldic Project)
- ↑ SNEGLU-HALLA ÞÁTTUR norrøn tekst etter Morkinskinna
- ↑ SNEGLU-HALLA ÞÁTTUR norrøn tekst etter Flatøyboka
Bakgrunnsstoff
endre- Halli Store norske leksikon
- Finnur Jónsson (1910). Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie 1. København: G.E.C. Gads Forlag. s. 624.
- Bjarne Fidjestøl (1982). Det norrøne fyrstediktet. Øvre Ervik: Alvheim & Eide. ISBN 8290359071.
- Sveinbjørn Aursland (1980). Snegle-Halle og andre småsoger. Oslo: Samlaget. s. 27.