Opna hovudmenyen

Tjodolv Arnorsson (norrønt: Þjóðólfr Arnórsson) var ein islandsk skald. Han kan ha vore fødd omkring 1010 og truleg døydde han i 1066, i eller etter slaget ved Stamford bru i England.

Tjodolv Arnorsson
Fødd 1010 (juliansk)
Yrke skald, lyrikar
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Norrøne kjelderEndra

I Skaldatal[1] er Tjdoolv Arnorsson ført opp som skald hos kongane Magnus den gode og Harald Hardråde, og hos hovdingen Harald Torkjellsson[Note 1]. Dikt av han er sitert i fleire av dei norrøne sogene, mellom andre i soga om Magnus den gode[2], soga om Harald Hardråde[3] og i Fagerskinna[4]. Snorre har teke med mange av dikta hans i Skaldskaparmål[5].

Han er ein av hovudpersonane i islendingesoga «Soga om Snegle-Halle»[6].

Liv og lagnadEndra

Etternamnet hans tilseier at faren heitte Arnor, men i nokre kjelder, til dømes i «Soga om Snegle-Halle»[6] blir han kalla Torljot. I den same soga er det sagt at han kom frå ei fattig familie i «Svarfaðardalur» på Nord-Island. Han skal ha hatt mange sysken og mellom dei var broren Bolverk (Bǫlverkr Arnórsson), som òg var skald.

I og med at han er nemnt som skald hjå hovdingen Harald Torkjellsson, kan det tenkast at Tjodolv kom til Noreg før 1035, medan Svein Alfivason var konge. Omkring 1044 var han skald hos kong Magnus den gode i Noreg, og seinare var han ved hirda til kong Harald Hardråde. I «Soga om Snegle-Halle»[6] er det fortalt at kong Harald sette stor pris på Tjodolv og kalla han «sin hovudskald» (höfuðskáld).

Han var med kong Harald under hærferda til England i 1066 og han tok del i slaget ved Stamford bru, der kong Harald fall. Eit dikt[7] til minne om den falne kongen, var truleg det siste diktet han gjorde, og ein har gissa på at Tjodolv Arnorsson sjølv fekk banen sin i det slaget.

SkaldskapEndra

I høgare grad enn dei fleste andre skaldane, er mange av dikta hans rekna som historisk pålitande, ofte med konkrete opplysningar om stadnamn. Det hender òg at han gir si eiga vurdering av hendingane, til dømes om kong Harald Hardråde si krigsferd til England, som han omtalar slik: «Harald baud ut dette hærtoget austanfrå, utan god grunn» (bauð þessa fǫr þjóðum þarflaust Haraldr austan[7]).

Dei fleste av dikta hans er berre ufullstendig bevart, og nokre er bortkomne, slik som Sóptrogsvísur (sopetrau-visa) som han ein gong skal ha sagt fram for kong Harald. Desse dikta av Tjodolv Arnorsson er kjende:

Magnusflokk[8] - eit hyllingsdikt til kong Magnus den gode, truleg framført for kongen i 1045 eller 1046. 19 vers, eller restar av vers, er bevart, men truleg var diktet mykje lenger.

Strofer om Magnus den gode i Daneveldet[9] - 14 vers.

Runhent dikt om Harald Hardråde[10] - 4 vers eller halvvers er bevart. «Runhent» er ei versform med enderim.

Sexstevja[11] - 32 vers frå ei dråpa om kong Harald Hardråde, truleg frå 1065. Diktet har fått namnet sitt fordi det har seks ulik omkved (stev). Truleg var det opphavleg mykje lenger og skal ha skildra heile livet til kong Harald.

Strofer om leidangen til Harald Sigurdsson[12] - 7 vers.

Fragment[13] - 5 vers.

Lausaviser[14] - 11 vers.

Kjelder og utfyllande opplysningarEndra

NotarEndra

  1. Harald Torkjellsson var son til vikinghovdingen Torkjell Høge og var ein av dei danske hovdingane som var hos kong Svein Alfivason medan han var konge i Noreg (1030-1035).

FotnotarEndra

  1. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  2. Soga um Magnus den gode frå heimskringla.no
  3. Soga um Harald Hardraade frå heimskringla.no
  4. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  5. Skáldskaparmál Edda Snorra Sturlusonar
  6. 6,0 6,1 6,2 Fortællingen om Sneglu-Halle frå heimskringla.no
  7. 7,0 7,1 Lausaviser vers 11
  8. Magnússflokkrfrå Skaldic Project
  9. Strofer om Magnús Óláfsson i Daneveldet frå Skaldic Project
  10. Runhent dikt om Harald frå Skaldic Project
  11. Sexstefja frå Skaldic Project
  12. Strofer om Haraldr Sigurðarson’s leiðangr frå Skaldic Project
  13. Fragment frå Skaldic Project
  14. Lausaviser frå Skaldic Project

BakgrunnsstoffEndra