SAME Deutz-Fahr (SDF) er ein italiensk-tysk traktorprodusent. Firmaet, som opphavleg heite Società Accomandita Motori Endotermici (SAME), vart stifta i 1942, i Treviglio i Bergamo i Italia. SAME utvikla seg til å verta ein av dei største traktorprodusentane i Italia og var ein av pionerane innan firehjulsdrivne traktorar.

SAME Deutz-Fahr

Org.formS.p.A.
BransjeLandbruk
Skipa1995
HovudkontorTreviglio
LandItalia
Produkttraktor
Nettstadhttps://www.sdfgroup.com/it/ (italiensk), https://www.sdfgroup.com/en/ (engelsk)
SAME Rubin 150
Deutz-Fahr Agrotron 215

I 1972 tok SAME over den italienske traktorprodusenten Lamborghini Trattori S.p.A., men heldt fram med å marknadsføra SAME og Lamborghini som separate merke.

In 1976, kjøpte SAME den sveitsiske traktorprodusenten Hürlimann. Noko etter dette skifta dei namn til SAME Lamborghini-Hürlimann.

I 1995 kjøpte dei den tyske traktorprodusenten Deutz-Fahr, som var ein del av Klöckner-Humboldt-Deutz (KHD; i dag Deutz AG), som ville konsentrera seg om motorproduksjon. SAME bytta samstundes namn til SAME Deutz-Fahr. SDF marknadsfører dei fire traktormerka SAME, Deutz-Fahr, Hürliman og Lamborghini og er i dag er stor traktorprodusent. SDF eig i dag om lag 40 % av Deutz AG.

I 2005 kjøpte SDF den kroatiske skurtreskjarprodusenten Ðuro Ðakovic.

Merkenamn endre

Bakgrunnsstoff endre