Sogns Barneheim for foreldrelause born vart skipa på Leikanger i 1891. Han hadde i motsetnad til mange andre barneheimar eit langt liv og var i drift fram til 1974. Eigar og drivar i heile perioden var Indremisjonen i Sogn. Sogns Barneheim vart den einaste barneheimen i Sogn og Fjordane.

Det skjedde ei storetablering av barneheimar i Noreg i perioden 1870-1920, og Sogns Barneheim vart etablert relativt tidleg i denne etableringsboomen, sjølv om slike institusjonar hovudsakleg høyrde byen og byens fattigdom til. Religiøse organisasjonar stod sentralt innan det filantropiske arbeidet, ikkje minst galdt dette indremisjonen.

Livet på Sogns Barneheim endre

Livet på Sogns Barneheim har blant anna vorte dokumentert gjennom historia til Johanna M. Haugen frå Luster. Avgangsvitnemål frå barneheimen samt andre skriftlege kjelder støttar opp under historia til Haugen om hennar bakgrunn som barneheimsbarn frå 1917 til 1924. Historia til Johanna M. Haugen kan ein lese på Digitalt Fortalt.

Nyare tid endre

Nokre få år etter at barneheimen vart stengd i 1974, starta Indremisjonen opp barnehage og dreiv denne nokre år til Leikanger kommune tok over med kommunal barnehage. Denne vart flytta i 2009. I 2010 ønskte eigarane av bygget å riva for å byggja nye hus på tomta. I samband med dette kom Kulturavdelinga i Sogn og Fjordane Fylkeskommune med ei kulturminnefagleg vurdering der dei tilrådde fylkesrådmannen å ikkje godkjenne riving og ny reguleringsplan for området. Kulturavdelinga meinte ei riving ville vere i strid med kulturminneinteresser. Fylkesrådmannen fann ikkje grunnlag for å fylgja den kulturminnefaglege tilrådinga, blant anna fordi bygningen har gjennomgått endringar sidan han vart nytta som barneheim. Blant anna har golvet vorte fjerna og vert i dag nytta på Tørvis Hotell i Marifjøra. Riksantikvaren valde å ikkje overprøva fylkesrådmannen. Bygget som husa Sogns Barneheim vart rive i 2011.

Kjelder endre