Soini Nikkinen

Soini Mikael Nikkinen (19. juli 19232. juni 2012) var ein finsk spjutkastar frå Kiuruvesi. Han vann bronsemedaljen i spjutkasting under Friidretts-EM 1954 i Bern.

Soini Nikkinen

Soini Nikkinen.jpg

Statsborgarskap Finland
Fødd 19. juli 1923
Kiuruvesi
Død

2. juni 2012 (88 år)
Nastola

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

AktivEndra

Nikkinen deltok i Sommar-OL 1948 og Sommar-OL 1952, enda på høvesvis tolvte- og åttandeplass. Perioden 1951-56 var han kvart einaste år mellom dei tre beste spjutkastarane på verdsstatistikken. Han vart finsk meister i 1952 og kom på tredjeplass i europameisterskapen 1954. I 1955 sette han landsrekord med eit kast på 79,64 meter. Den 24. juni 1956 sette han verdsrekord med eit kast på 83,66 meter i Kuhmoinen. Allereie ti dagar seinare vart rekorden forbetra med 10 cm av polske Janusz Sidło. Nikkinen fekk ikkje delta i Melbourne-OL grunna misnøye med oppførselen hans i samband med ein landskamp i Hamburg.[1].

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra