Sola flystasjon er ein militær installasjon i Sola kommune, samlokalisert med den sivile flyplassen Stavanger lufthamn, Sola. Flystasjonen er Forsvaret sin hovudbase for maritime helikopteroperasjonar og er vert for 134. luftving.

Sola flystasjon

IATASVG Sjå dette på Wikidata
ICAOENZV Sjå dette på Wikidata
OperatørLuftforsvaret Sjå dette på Wikidata
StadSola kommune Sjå dette på Wikidata
Høgd9 meter Sjå dette på Wikidata
Koordinatar58°52′36″N 5°38′16″E Sjå dette på Wikidata

Historia til flystasjonen går attende til 29. mai 1937 då Stavanger Flyveplass vart opna av Kong Haakon VII. Stasjonering av militære flyavdelingar på flyplassen vart vedteke i 1939. Under andre verdskrig vart flyplassen bygd ut av tyskerane saman med Forus flyplass som ei viktig base for tyske fly som overvaka og patruljerte Nordsjøen og farvatnet nær norskekysten. I 1973 vart Sola base for redningshelikopter. Sola hadde status som hovudflystasjon fram til 1993.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre