Haakon VII av Noreg

norsk konge
(Omdirigert frå Kong Haakon VII)

Haakon VII (3. august 187221. september 1957) var konge av Noreg frå 1905 til 1957. Etter unionsoppløysinga i 1905 vart det fleirtal i folkerøysting for å tilby den norske trona til han, og Haakon VII vart konge av Noreg den 18. november 1905. Han vart døypt Christian Frederik Carl Georg Valdemar Axel, men gjekk under namnet «prins Carl» før han tok det norske kongenamnet Haakon.

Haakon VII av Noreg

Regjeringstid18. november 190521. september 1957
Fødd3. august 1872
FødestadCharlottenlund slott
Død21. september 1957
DødsstadSlottet
GravstadDet kongelege mausoleet
Gift medMaud av Noreg
DynastiHuset Glücksborg (Danmark), Huset Glücksburg (Norge)
Motto«Alt for Norge»
FarFredrik VIII av Danmark
MorLovisa av Sverige
BornOlav V av Noreg

Prins Carl var den nest eldste sonen til kong Frederik VIII av Danmark, og yngre bror av kong Kristian X av Danmark. Farfaren var kong Kristian IX av Danmark, medan morfaren var kong Karl IV av Noreg (Karl XV) av Sverige.

I 1896 gifta han seg med syskenbarnet Maud Charlotte Mary Victoria Windsor, som i 1905 vart dronning Maud.[1] Ho var yngste dotter av kong Edvard VII av Storbritannia og Irland.

Den 22. juni 1906 vart Maud og Haakon krona som det siste kongeparet i Nidarosdomen i Trondheim.[2]

Under den andre verdskrigen frå 1940 til 1945 var kong Haakon i eksil i London. Kongen og kongefamilien vart eit viktig symbol på norsk motstand mot okkupasjonsmakta.

Han vart etterfylgd som konge av sonen sin, Olav.

Dekorasjonar

endre

Kong Haakon VII var innehavar av følgjande norske og utanlandske ordenar, medaljar og dekorasjonar. Oversikta er basert på Kongehuset si liste over dekorasjonar,[3] med tillegg av andre offisielle utmerkingar det er kjent at han var innehavar av.

Norske dekorasjonar

endre

Utanlandske dekorasjonar

endre

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Kong Haakon VII (1872-1957) frå Kongehuset.no
  2. Kroningen av Kong Haakon og Dronning Maud frå Kongehuset.no
  3. Kong Haakons dekorasjoner, kongehuset.no.
  4. Erik Gjems-Onstad (red.), Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren (1995) Grøndahl Dreyer. s. 17.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Haakon VII av Noreg
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.