Sollia kyrkje
kyrkje i Stor-Elvdal i Innlandet
- For kyrkja med liknande namn i Viken, sjå Solli kyrkje
Sollia kyrkje er ei langkyrkje frå 1738 i Stor-Elvdal kommune i Innlandet. Kyrkja fekk ekstra galleri på nordveggen i 1770. I 1840 vart ho utvida mot vest, og seinare kom det sakristi i aust.
Sollia kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Stor-Elvdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Sør-Østerdal | ||
Sokn | Sollia | ||
Fellesråd | Stor-Elvdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Jon Jonsen (byggm.) | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 7. september 1738 | ||
• Endringar | 1770, 1840, 1864, 1870, 1908–09, 1938 | ||
Klokker | 1770 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1740-talet | ||
Døypefont | Håkon Nesset e. Johan Meyer | ||
Altartavle | Gert Isachsen Reinert, med akantus av Johan Jørgen Schram | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1963 | ||
Sitjeplassar | 85 | ||
Diverse | Korskilje skore av Johan Jørgen Schram (kongemonogram for Kristian VI) | ||
Sollia kyrkje 61°46′49″N 10°24′02″E / 61.78027778°N 10.40055556°E | |||
Wikimedia Commons: Sollia kirke |
Det som især pregar kyrkjerommet, er dekorasjonane som Erich Wallin måla på veggar og tak i 1745. Dekoren vart i 1908–09 restaurert av Albert Tønnessen, som òg dekorerte våpenhuset og delar av sakristiet.
Bakgrunnsstoff
endre- Haugland, Knut (1988). Sollia kirke 1738–1988 – 250 års historie. Sollia menighetsråd.
- Sørmoen, Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 52-55 og 22. ISBN 82-91399-10-7.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 624. ISBN 82-7527-022-7.
- Stor-Elvdal historielag — Sollia kirke
- Anne Wichstrøm: Sollia kirke (Bokhylla.no)
- «Sollia kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Sollia kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.