Solon-natta er namnet på eit stormvêr som råka Møre-kysten natta til 17. desember 1901. Uveret fekk namn etter ein fiskebåt som kom vekk i uveret.

Sildeflåten låg og drifta på felta ut for Runde då det natt til 17. desember 1901 bles opp ein storm frå sørvest. Fiskebåten «Solon» frå Borgund gjekk ned med heile mannskapet, åtte frå Borgund og ein frå Hjørundfjord. Alt ein fann att, då det vart leita etter båten, var nokre garn og ein kabel.

Fire andre båtar miste ein mann kvar. På dekksbåten «Maagen» frå Syvde vart føraren slegen ut av ein brotsjø, medan båtar frå Sande, Volda og Stadlandet alle miste ein mann. Mannskapa frå ein Ålesunds-båt og ein båt frå Stadlandet berga seg etter høvesvis forlis ved Haramsøya og kollsigling.

Kjelder endre